Lokal | 29. juni 2017

Leverte éin kilo amfetamin

Osing i 20-åra dømd til tre år og fire månader fengsel for grov narkotikakriminalitet.

Leverte éin kilo amfetamin
Mannen blei dømd i Bergen Tingrett tidlegare denne veka (ill.foto: KVB)
Andris Hamretorsdag 29. juni 2017 12:40

Ein tidlegare narkodømd mann i 20-åra frå Os blei tidlegare denne veka dømd på ny til tre år og fire månader i fengsel for ny grov narkotikakriminalitet.

– Siktede har hatt befatning - i form av sal og oppbevaring - med henhaldsvis amfetamin og MDMA tablettar svarande til omlag 2,3 kg amfetamin, heiter det i dommen.

I eitt av tiltalepunkta kjem det fram at mannen ved eitt tilfelle har levert omlag éin kilo amfetamin til ein annan mann. Han skal òg har vore i besittelse av to teleskopbatongar og fem stk S&B ammunisjon kaliber 9x19.

Mannen gav i retten ei uforbehalden tilståing.

Gjorde nye lovbrot i prøvetida

Mannen var ute på prøveløslating etter den forrige narkotikadommen då dei nye kriminelle forholda blei begått.

– Resttiden frå Nordhordland tingrett sin dom skal difor leggast til i sin heilheit til straffa som no skal utmålast, skriv dommaren.

Han hadde i resttid på eitt år og 31 dagar då han på nytt blei tatt.

Utan formildanede omstende ville dommen no isolert sett blitt satt til tre år og seks månader, men i nokon grad blei det lagt vekt på at i underkant av halvparten av amfetaminen hadde ein reinhetsgrad på 15-17% og at han gav ei uforbeholden tilståing.

– Siktedes tilståing tillegges vesentleg vekt i form av tilståelsesrabatt. Retten kan difor slutta seg til påtalemyndigheiten sin grunngjeving og vurdering av eit straffenivå på siktelsen sin poster isolert sett på to år og fire månader.

Saman med resttida frå forrige dom må han difor sitta i fengsel i tre år og fire månader, med fratrekk av 200 dagar i utholdt varetekt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.