Lokal | 23. okt. 2014

Liafjellstunnelen stengt

Torsdag ettermiddag blei Liafjellstunnelen stengt i fleire timar grunna stein i vegbanen.

Liafjellstunnelen stengt
Det ligg strødd med småstein på E39 Halhjemsvegen og Liafjellstunnelen er stengt. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. okt. 2014 17:06

Torsdag klokka 17.41 kom det melding om stein i vegbanen, klokka 17.43 blei tunnelen stengt ved at varsellysa på kvar ende blei tent.

– Eg veit ikkje kvifor den er stengt, er ser tvers gjennom tunnelen, fortel ein trafikkant til Midtsiden.

Ein annan tok seg ein spasertur gjennom tunnelen.

– Det ligg noko stein her, men berre småstein. Det har truleg ramla av ein lastebil, for det ligg ein del stein på Halhjemsvegen òg, fortel ein annan.

Usikra lastebil

Operasjonsleiar Terje Erichsen ved Hordaland politidistrikt seier politiet har fått melding frå vitne som har sett ein lastebil mista stein i fart.

– Eg meiner at ein patrulje på staden også har funne bilen og er i dialog med førar.

I skrivande stund skal tunnelen framleis vera stengt, men ryddemannskap er på veg.

I mellomtida er det omkjøring om Os sentrum eller Nore Neset.

OPPDATERT: Vegen opna igjen i 20-tida på kvelden torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.