Kultur | 19. okt. 2019

Liens: Gode dagar og gode kveldar

Kristine Lygren Lien angrar ikkje på at ho overtok - eller at ho forlangte å få Hanne med på laget.

Liens: Gode dagar og gode kveldar
Kristine overtok i juni. No har ho snart fem månadar bak seg på Liens Kafé og Musikkbar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. okt. 2019 08:24

– Dette var eit tilbod eg rett og slett ikkje kunne seia nei til, sa Kristine Lygren Lien til Midtsiden før overtaking i juni.

I dag seier ho òg at ho har vore mykje bekymra.

– Det var eit stort steg å ta for meg, frå å vera tilsett til å ha alt ansvaret. Men det gått veldig fint.

Med Hanne på kjøkkenet

I mai blei det bestemt at ho skulle overta eigarskapen av konditoriet og musikkbaren som Hanne Hansen og Bjørn «Bosse» Sigurjonsson opna i april 2017.

Ho endra namn til Liens Kafé og Musikkbar.

– Eg hadde som vilkår at Hanne måtte vera med vidare som tilsett.

Hanne har jobba som konditor i rundt 20 år.

– Det er eg glad for, kakene hennar og focacciaen er framleis bestseljarar, samtidig har eg supplert med varer frå andre leverandørar. Crossaint og chiabatta var nytt i hyllene etter at eg overtok, og har slått veldig bra an.

Vellykka ettermiddagskonsertar med Mighty

Før ho overtok var Kristine både bartendar og bookingansvarleg hos Hanne's. Fotballpub er det slutt på, men musikkbaren lever frå helg til helg.

– Vi flytta jam-en frå torsdag til fredag, det blei vellykka. Tore Vågen er jam-meister, og vi har ein fin gjeng av musikarar og publikum kvar fredag.

Nærmast kvar laurdagkveld er det band på scenen. I dag er det òg livemusikk på ettermiddagen, frå klokka 15 til 17.

Mighty Good Lørdag er eit opplegg med ettermiddagskonsert éin laurdag i månaden, styrt og framført med gjesteartist av det lokale bandet Mighty Magnolias. Det blei ein suksess med 55-60 ettermiddagsgjestar i september. I dag er det ny runde.

– Eg er glad for at dette blei tatt så godt imot. Det blei ei fantastisk stemning den første ettermiddagen, og vi er spente på å sjå korleis det blir i dag.

Det er òg venta at kvelden i kveld blir livleg. Då står brørne Erik og Idar Rolland frå Fusa på scenen.

Får gode innspel

I helgene som kjem står Dagdriverne, Karoline Taraldsøy og Honeytrap på plakaten.

– Eg er veldig glad for å motta tips. I januar blei eg gjort merksam på det lokale bandet «Verdiløse menn». Dei spelte både i februar og i september, og er heilt rå! Dette er to av dei beste kveldane vi har hatt.

Fleire av helgene i desember er òg booka, nokre av dei med lokale bestseljarar.

Den siste laurdagen før jul står Johny Olsen Band på scenen, laurdagen før nyttår er det Kivi sin tur.

– I desember i fjor var eg berre tilsett her, men eg har inntrykk av at det var ein veldig god månad, både på kveldstid og med kafé og konditorioppdrag på dagtid, seier Kristine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.