Lokal | 08. jan. 2016

Likevel ikkje isbane i sentrum

Forsøket med å laga skøytebane i sentrum blir lagt på is. – Det er rett og slett for stor høgdeforskjell på banen, forklarer Christoffer Kobbeltvedt.

Likevel ikkje isbane i sentrum
Problemet er at banen ned mot Landboden er så mykje lågare enn på midten. Det gjer at vatnet renn over kanten og ned mot vegen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 08. jan. 2016 09:48

Ein gjeng eldsjeler med utspring frå Jadakameratene starta i går forsøket med å islegga grusbanen mellom kyrkja og ungdomsskulen i Os sentrum.

Etter ein lang kveld med spyling og eit nytt forsøk frå brannvesenet, som kom med tankbilen og 10 000 liter i morgontimane fredag, har dei no erkjend at dei ikkje lukkast i denne omgang.

– Banen er rett og slett for skeiv til at vi klarar å få vatnet til å bli liggande på banen. Alt renn ut og ned mot Landboden.

– Vi prøvde å bygga barrikadar med dei enkle midla vi hadde, men det var ikkje nok. Skulle vi ha fått det til måtte vi nok ha fått bygd eit vant før det blei frost, konkluderer Kobbeltvedt.

20 cm forskjell

Forskjellen mellom dei lågaste punkta ned mot Landboden og midten av banen er på opp mot 20 cm.

– Vatnet har no samla seg på den nedre delen, men legg vi på meir no, så renn det berre utover bakkane.

– Dette var eit forsøksprosjekt og vi har lært mykje. Det er fullt mulig å få til å legga is på grusbanen, men då må det nok gjerast ein litt større jobb på førehand. No var det jo eit innspel som kom tysdag og vi fann ut vi hadde lyst til på prøva.

– Det blei eit hederleg forsøk, oppsummerar Kobbeltvedt som legg til at om det er nokon som har ein lysande idé på korleis ein kunne løyst det, så er det berre å ta kontakt.

Trøysten får vera at fleire av dei naturlege vatna rundt i bygda byrjar å nærma seg tjukk nok is til å gå på.

Les korleis isen var på tre av vatna torsdag formiddag her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.