Før gårsdagens serieavslutting blei det gjort stas på Linda Johansen og Tore Nøss. (Foto: Frode Walle/Kjetil Vasby Bruarøy)

Linda og Tore heidra for lang teneste

Tore Nøss har vore oppmann sidan 2006, Linda Johansen har spelt aktivt i 38 (!) år.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

På tampen av Jentefotballdagen, som i år blei arrangert for ungdom i staden for dei yngste, var deltakarane maskot, balljenter og publikum på Os damelag si serieavslutting.

Os/Nore Neset landa på 5. plass i sin første sesong tilbake i 3. divisjon.

Før kamp blei det delt ut blomar og heider til oppmann Tore Nøss og den rutinerte spelaren Linda Johansen.

Ein start utan jentelag

Linda og to venninner byrja å spela fotball i 7-8-årsalderen, saman med gutane. Med unntak av eit par sesongar i barneskulealderen, og i samband med tre svangerskap, har ho spelt fotball samanhengande fram til i dag.

– Eg fekk cirka tre sesongar med Jørn Vegard Berge & co, og starta igjen før ungdomsskulen, då det blei oppretta eit småjentelag, fortel Linda.

På 90-talet var ho med på å spela Os opp i divisjonane, i 1997 rykte dei opp til nest øvste nivå.

– Det blei mykje reising og fleire som slutta i løpet av sesongen. Eg hugsar vi reiste til Sogndal med ti spelarar, fortel Linda.

Dei hamna lågt på tabellen og blei lagt ned etter sesongslutt i 1998.

Til Sotra og Trondheim

– Då eg i 2006 såg ein annonse om at dei skulle starta damelag igjen, med bakgrunn i eit godt jentelag, såg eg etter folk eg kjente på lagbildet. Den einaste var trenaren Arild Smedsvik, som trente oldboysfotball med faren min. Eg ringte han, og så kom eg i gang igjen.

I mellomtida spelte Linda for Øygard og Trondheims-Ørn, begge i 1. divisjon.  

– På kampen i dag, mot Sotra, spelte eg mot døtrene til to av lagvenninnene mine frå Øygard-tida. Ei av dei var òg på tribunen. 

– 38 år, nesten samanhengande - har dette vore utan skade og med stigande formkurve?

– Eg har unngått lange skadeopphald, ja, men eg var sjølvsagt i betre form då eg var yngre. Men den siste tida, med opprykk og fleire økter i veka, så har faktisk formen vore litt stigande. Det er kjekt å få vera del av eit lag som veks med fleire unge spelarar, og å sjå at det er mange ungdomar på veg opp til seniorfotballen også på damesida.

Dottera slutta, far blei verande

Då Os starta damelag igjen i 2006, var Helene Nøss del av troppen. Arild Smedsvik spurde faren, Tore Nøss, om å vera oppmann, noko han takka ja til.

– Helene reiste til Kongsvinger på NTG, men eg blei verande for å hjelpa laget. Helene fekk ein kneskade og slutta på NTG, men kom heim og spelte nokre sesongar til før ho la opp, fortel Tore.

13 år seinare er han framleis ein del av laget. Jentene og damene kallar han limet i gruppa, det er tydeleg at han er populær i flokken.

– Det er kjekt å ha noko anna enn hus og hage på fritida, og det er alltid kjekt å koma til Kuventræ. Så lenge jentene vil ha hjelp av ein mann i 60-åra, og med det gode miljøet som er i og rundt klubbhuset, så synest eg berre det er kjekt å bidra, seier Tore.

No ser Linda og Tore fram til 2020-sesongen, der Os/Nore Neset sitt damelag får yttarlegare påfyll frå den sterke 2003-årgangen til samarbeidsklubbane.

Fleire saker