Lokal | 25. jan. 2018

Lindborg blei leiar i Bjørnafjorden Ap

Historisk: Trine Lindborg er vald som første leiar i Bjørnafjorden Arbeidarparti.

Lindborg blei leiar i Bjørnafjorden Ap
Trine Lindborg blei vald som første leiar i Bjørnafjorden Arbeidarparti (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 25. jan. 2018 09:46

Os Ap og Fusa Ap hadde onsdag ettermiddag sine siste årsmøter.

Der avslutta dei lokal-laga og oppretta det nye Bjørnafjorden Arbeidarparti.

– Reint teknisk så blei Fusa Ap lagt ned og Os Ap skifta namn til Bjørnafjorden Ap.

– Vi hadde eit fantastisk godt stiftingsmøte med god og fin stemning. Det var ein smekkfull kommunestyresal med mellom femti og seksti frammøtte, fortel Trine Lindborg, som blei vald som den første leiaren av Bjørnafjorden Ap.

Ny giv

Lindborg fortel at ho opplevde ein ny giv og gler seg til å ta fatt på arbeidet fram mot valet i 2019.

– Det nye styret blei vald for eitt år, noko som kan vera greitt no i oppstarten. Vi skal bygga eit nytt lag og dra i sama retning.

– I talen min etter valet så sa eg noko sånn som at no har vi fått på oss same drakta og skal spela mot det same målet. Då må vi ha klart for oss kor målet står.

– Vi skal ha færrast mogleg på innbyttarbenken og ingen i garderoben. Det gjeld å få flest mogleg på banen, slik at alle er med.

Det nye styret

Det var kun Lindborg, som leiar, som blei vald onsdag. Resten av styret skal konstituera seg sjølv på det første styremøtet.

I tillegg til Lindborg blei Anne Frotveit, Pål Tore Haga, Geir Ove Lunde, Amalie Lindborg Bøyum, Viggo Furebotn, William Lindborg, Ranita Styve Årvik og Agnete Digarnes Årvik vald som faste representantar.

– I tillegg har vi tre faste varamedlemmar og ein møtande frå AUF på styremøta, avslutter Lindborg.

Også nominasjonsnemd og programkomité blei vald onsdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.