Lokal | 16. mai 2017

Line Rye blir truleg erstattar for Borge

Nils-Petter Borge sin overgang frå kommunalsjef i Os til rådmann i Fusa blei tema i dagens møte i Os formannskap.

Line Rye blir truleg erstattar for Borge
Nils-Petter Borge og Line Rye i dagens møte i Os formannskap. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 16. mai 2017 11:56

Torsdag 27. april blei det klart at Nils-Petter Borge blir ny rådmann i Fusa kommune. Borge går frå stillinga somkommunalsjef for helse, omsorg og beredskap i Os kommune når han over ferien byrjar i den nye jobben.

At Borge går til ein kommune vi skal slå oss saman med om 2,5 år, og erstatting av hans stilling i Os, blei tema i dagens møte i Os formannskap.

– At han er stril har vi alle skjønt! sa rådmann Christian Fotland, før han heldt fram; Eg synest det er fantastisk kjekt for Os kommune at Nils-Petter blir rådmann i Fusa. Det er bra for Fusa, det er bra for Os og det er bra for den nye kommunen.

– Men vi får eit hol i administrasjonen som skal fyllast.

Vil ikkje lysa ut for 2,5 år

Fotland sa at han såg det som lite hensiktsmessig å gå på ei ekstern tilsetjing, å rekruttera inn ein no som eventuelt blir overflødig når Os og Fusa blir éin kommune i 2020.

– Vi har Per Olav Sørås på skule, Irene Ullensvang på barnehage og er ganske godt dekka med leiarar på oppvekst. På PLO har vi åtte leiarar, her hadde vi leiarmøte i går.

– Vi drøfta å slå saman helse, oppvekst og kultur som eitt område, med Line Rye som øvste leiar.

Line Rye blei i 2013 tilsett i Os kommune som kommunalsjef for oppvekst og kultur.

Les òg: – Vi var ikkje i tvil

– Vi trur at Line har kapasitet til å ta oppfølging av også helse og omsorgsområdet. Ho har nokre fantastiske leiarkvalitetar som eg trur dei tilsette vil setja pris på, sa rådmannen.

Kan få direktør-tittel

Fotland la til at han har hatt samtalar med både Rye og med tillitsvalde.

– Dei hadde ikkje dei store motforestillingane til dette forslaget. Vi skal ha endeleg drøfting 22. mai.

Rådmannen vil vurdera å gje Rye ein fagressurs under seg, sånn Sørås er på skule, også på helseområdet.

– Eg vurderer òg å gje ho ein kommunaldirektør-tittel. Det kan vera feil å ikkje løfta kommunalsjef for samfunnsutvikling opp på same nivå, sa Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.