Fleire skodelystne tok torsdag kveld turen for å sjå nærmare på seglyachten «Bellkara». I morgon går turen vidare til Bergen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Linjelekkert nybygg innom Os

Denne flotte seglskuta er på jomfrutur, på veg heim. Flagget den seglar under, eigar si adresse og heimehamna er i tre ulike land.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 18-tida torsdag la denne seglbåten til land ved Os Sjøfront.

Ifølgje tracking på Marinetraffic.com har båten segla frå Leirvik innom Samnangerfjorden før den la til land i Os.

Malta, Kroatia og Austerrike

Han har ikkje mykje kyst i heimlandet sitt, eigaren, som er frå Wien i Austerrike, men nybygget SY «Bellkara», som seglar under flagg frå Malta, har heimehamn i Sibenik i Kroatia.

Mannskapen på fire er òg frå Kroatia, og mens eigar og skipper var opptatt med middag kunne ein av dei fortelja Midtsiden om båten og turen.

– Den er bygd ved Conrad Shipyard i polske Gdansk. Dåpen var for om lag to månadar sidan.

– Vi har vore i Stockholm og Oslo og seglar til Bergen i morgon tidleg. Så skal vi vidare til Frankrike, der det skal gjerast nokre justeringar på masta. Masta er produsert i Frankrike.

Turen går vidare inn Middelhavet via Italia til Kroatia.

30 luksuriøse meter 

Ifølgje Marinetraffic er båten 24 meter, ifølgje mannskapen er den 31 meter lang. Masta er 44 meter høg.

Den rundt 90 fot lange båten er custom-produsert etter kjøpar sine ønskjer, og svært luskuriøst innreia.

– Båten har fem lugarar, to for mannskap, tre for eigar med gjestar. Alle lugarar har eige bad, fortel matrosen.

Sjå bilde av interiøret på verftet si heimeside.

 

Fleire saker