Kultur | 27. apr. 2019

Lions i aksjon for ungdomen igjen

Sel tulipanar fem plassar i Os i dag.

Lions i aksjon for ungdomen igjen
Per Solberg og resten av Os Lions er i dag klare for årets tulipanaksjon. Inntektene går, som alltid, til born og unge i Os. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 27. apr. 2019 07:32

Os Lions deler ut 200.000 kroner i året, i ulike kategoriar.

• Les òg: Røde Kors fekk båre til 50.000 kroner

I dag er det tid for Lions Tulipanaksjon sin årlege og landsomfattande innsamlingsaksjon til inntekt for forebyggande arbeid blant born og unge.

– Både i Os og i Fusa er dei lokale Lionsklubbane ute og sel tulipanar for 100 kroner buketten. Overskotet av salet går til positive tiltak for born og ungdom, eller økonomisk støtte til lag og organisasjonar som driv slikt viktig arbeid, seier Per Solberg frå Os Lions.

Motto for aksjonen er «det er betre å bygga born enn å reparera vaksne».

Overskotet av salet i Os har tidlegare år gått til blant anna delfinansiering av fleire rullebrettbanar, Os MC og MX klubb, fritidstilbodet «Ung laurdag», skulekorpsa i Os, roklubben, basketball og handball.

– I år har vi i Os valt å øyremerka støtta til speidarane i Os.

– Vi står og sel tulipanar fem stadar i Os, og speidarane er med oss på stans. Vi håper sambygdingane vil vera med oss å støtta arbeidet til speidarane, seier Solberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.