Lokal | 27. juli 2011

Lite hjelp i å låsa

Både naboar og Bir er lei av misbruk av hyttekonteinarane. Syndarane risikerer gebyr eller bot på opptil 12.000 kroner.

Lite hjelp i å låsa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juli 2011 20:14

I fjor på denne tida fortalte Bir at Halhjem er versting når det gjeld plassering av avfall ved fulle konteinarar, og bruk av konteinarar utan løyve.

– Dette er framleis eit problem, det flyt med boss rundt konteinarane, fortel ein innringar til Midtsiden.no. Kvinna er nabo til returpunktet i Kjeldevegen på Halhjem.

Det er særleg ved returpunkta for hytteeigarar det hopar seg opp. Os har 19 sånne.

Doblar tømmefrekvensen

Hos Bir fortel dei at dette med misbruk av returpunkt for hytteeigarar er eit vanleg sommarproblem i kystkommunane, men at det som oftast er misbruk av desse, og ikkje mangelfull tømming, som er problemet.

– Likevel kjem vi til å auka frekvensen på Halhejm frå éi til to tømmingar i veka, seier informasjonskonsulent Kari Mjømen.

Set frå seg utan løyve

Under streiken sommaren 2010 blei problemet veldig tydeleg, og etter streiken bestemte Bir seg for å skifta ut seks konteinarar, kvar på 660 liter, med ein stor konteinar på 6 kubikk. Kapasiteten har med det auka med rett over 2000 liter, cirka 50 prosent.

I tillegg blei konteinaren låst slik at ikkje dei utan løyve kan fylla opp konteinaren. Konteinaren er der nemleg berre for hytteeigarar som betalar for tenesten.

– Det sto på det meste 18 fulle bossekkar ved konteinarane. Eg har sjølv sett folk eg veit bur på Os koma ut her med bil og lessa av boss.

Kva med kostinga?

– Eg ringte Bir tre gongar i førre veke for å opplysa om problemet, og ringte på nytt i dag, sa innringaren måndag.

Måndag ettermiddag kom Bir og henta, men då kosta dei ikkje opp på plassen, slik dei lovde.

– Bleier og Prim-boksar flyt, måsane koser seg og om kvelden kjem rottene. Det ser ikkje bra ut.

Seinare kom eigen bil med folk som rydda og kosta.

– Å halda returpunkta ryddige og fine utgjer eit årsverk hos oss, og vi har ein som kjem i eigen bil og tar denne jobben. Så om det blir tømt utan å rydda skikkeleg så er det vanleg, tømmebilen skal vidare, ryddebilen følgjer eige skjema, forklarar Mjåmen.

– Vi er glade for at folk ringer og opplyser oss om problemområde og gjer vårt beste for å rydda opp så raskt som mogleg, presiserer ho.

Fekk bot på 12.000 kroner

Forsøpling er ikkje berre Bir sitt problem, boss langs vegane, avhengig av kva veg det er, er kommunane eller vegvesenet sitt problem.

Men rundt returpunkta prøver Bir å halda det ryddig, derfor har dei også høve til å finna og fakturera syndarar, og problemet er stort.

– Og det gjer vi ofte. Vi har ulike metodar for å finna ut kven sitt søppel som er sett frå seg, og kan senda anten gebyr eller bot til dei som ikkje har kasta på lovelg vis.

Mjømen seier dei siste rekningane som er sendt ut frå Bir til tilsvarande syndarar er på mellom 3000 og 12.000 kroner.

– Stasjonen i Kolskogen bør vera eit naturleg val for osingane, meiner Kari Mjømen.

Opningstidene er gode, med laurdagsope og ope til 18 eller 19 kvar dag frå måndag til fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.