Næringsliv | 27. okt. 2013

Lite og spissa forlag

Fredrik Schmidt Fotland starta Comino forlag for å gje ut sine eigne krimbøker om Sven Hope. No har han fem forfattarar i stallen og er klar med bok nummer to.

Lite og spissa forlag
Fredrik Schmidt Fotland med bok nummer to i serien om Sven Hope: Englestrøk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 27. okt. 2013 06:20

Torsdag slepte han bok nummer to om den litt puslete krimhelten Sven Hope, men mykje av tida går med som forlagsdirektør og som bok-kusk ut til bokhandlarane på Vestlandet.

– Vi er eit lite Vestlandsforlag, og det er ikkje det enklaste å komma seg inn på marknaden.

– Difor blir det mykje tid i bilen med bagasjerommet fullt av bøker.

– No har eg heldigvis fått ein god tone med forhandlarene i distriktet, så det går stadig lettare å få bøkene i hyllene, fortel Fredrik Schmidt Fotland.

Halve opplaget på ei veke

Denne hausten har det vesle forlaget, med base i Lysefjorden, gjeve ut heile fem bøker. I tillegg til Fotland si eiga bok "Englestrøk", har det blitt diktsamling frå Jan-Ove Hansen, prosa frå Dan Takle, barnebok frå Hilde Windheim og bildebok frå Fusa av Berge Skåtun.

– Bildeboka til Berge kom ut for omlag ei veke sida og allereie no har vi seld ut omlag halve opplaget.

– Det er tydeleg at vi traff ein marknad med 230 sider med bilder gjennom alle dei fire årstidene i Fusa, smiler forlagssjefen.

Strøyma på

Fotland starta forlaget for å kunne gje ut sine eigne bøker, men etter omtale i mellomanna BT strøymde det på med manuskript frå fleire forfattarar.

– Nokre av dei var så gode at eg klarte ikkje la væra å gje dei ut.

– Det er ikkje noko mål å bli særleg større. Eg har ikkje lyst å gje ut meir enn ti tittlar i året. Det blir for mykje styr å halde orden på.

– Vi skal væra små, smale og med fokus på Vestlandsforfattarane.

Ut på bygdene

Det vesle forlaget har styrt unna Bergen.

– Der skjer det så mykje at det er vanskeleg å få folk til å koma.

– I staden satsar vi på bygdene og inviterer til bokkveldar, workshops og liknande på grendehus rundt forbi.

– Ein vakker haustdag langs Hardangerfjorden på veg til ein bokdag er ei vakker oppleving, smilar Fotland.

Vil ta han til seg

Fotland gav for vel eitt år sida ut debutboka "Agenten" kor karakteren Sven Hope dukka opp. No er Sven igjen fanga mellom permene i "Englestrøk".

– Han lever eit heilt vanleg liv, er litt puslete og knotete og har ein tendens til å dumpe opp i kompliserte sakar, som han av ein eller anna merkeleg grunn skal prøva å vikla seg ut av på eigehand.

– I tillegg til at det skal vera ein spennande krim, så vil eg at lesarane skal få eit forhold til Sven.

– Det trur eg at eg har lukkast med. Det var ei som sa til meg at ho tykte så synd på han at ho ville ta han til seg, ler forfattarane.

I "Englestrøk" treff Sven Hope Solveig. For første gong på fleire år kjenner han at et rykkjer i hjarterøtene og han lurar på om det er den store kjærleiken. Før han veit ordet av det står konfliktar og dramatiske hendingar i kø - og Sven har sjølvsagt hamna midt oppe i det. I eit heseblesande tempo kjempar han for å finne ut kva som foregår og hamnar til slutt i ein situasjon kor han er sikker på å mista livet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.