Lokal | 23. juli 2012

Lite ras på Ulven

Regn vaska med seg steinar ut i Lysefjordvegen. Raset skal vera rydda.

Lite ras på Ulven
Illustrasjonsfoto: Andris Hamre. Søvikåsen skal etter det Midtsiden kjenner til ikkje vera stengd.
Andris Hamremåndag 23. juli 2012 09:46

Natt til måndag, klokka 0245, fekk politiet melding om at det var gått eit lite ras på Lysefjordvegen ved Ulven leir.

- Det skal vera store mengder vatn som har vaska med seg småstein og grus ut i vegen i ei av skjeringane på lysefjordsida av leiren, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet varsla vidare til vegtrafikksentralen.

- Dei skulle sende nokon til å rydda vegen, avsluttar Sperrevik.

Norges vassdrags- og energidirektorat varsla sundag flom for tre av fylka på vestlandet, deriblant Hordaland. Årsaka til varselet var lokalt mykje nedbør og aukande temperatur i fjellet noko som gjer at snøen smeltar raskare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.