Lokal | 12. juni 2012

– Litt høgare snittpris

Som oppvarming til Bergen Poker Run, som kjører innom Vedholmen på laurdag, har tre osingar vore mannskap under New Orleans Poker Run, USAs tredje største.

Karl Ole knipsa ivrig då han deltok i Tickfaw 200 Poker Run 2012 på Lake Ponchartrain i New Orleans. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. juni 2012 08:44

Bildeserie:

På veg tilbake til meir fest. (Privat foto)
Poker Run er ein fest, også i USA, men konsert før start. (Privat foto)
Karl Ole Lyngbø og Anders Arefjord. (Privat foto)
– Snittprisen på båtane var kanskje det tidoble i forhold til heime. (Privat foto)
Dekor høyrer med. (Privat foto)
Har du plass til 4 så kvifor ikkje ... (Privat foto)
Klar for start. (Privat foto)
Yiihaa! Karl Ole, Anders og Knut Martin fekk ein frisk tur på vatnet. (Privat foto)
Alligatorar eller ikkje ... (Privat foto)
På veg tilbake til meir fest. (Privat foto)
Poker Run er ein fest, også i USA, men konsert før start. (Privat foto)
1 av 9
Poker Run er ein fest, også i USA, men konsert før start. (Privat foto)
Karl Ole Lyngbø og Anders Arefjord. (Privat foto)
– Snittprisen på båtane var kanskje det tidoble i forhold til heime. (Privat foto)
Dekor høyrer med. (Privat foto)
Har du plass til 4 så kvifor ikkje ... (Privat foto)
Klar for start. (Privat foto)
Yiihaa! Karl Ole, Anders og Knut Martin fekk ein frisk tur på vatnet. (Privat foto)
Alligatorar eller ikkje ... (Privat foto)
På veg tilbake til meir fest. (Privat foto)

I ei årrekkje har båttreffet Bergen Poker Run cruisa forbi og innom Os, dei første åra ute i fjorden, dei siste åra innom Vedholmen Landhandel i Øyane for pitstop på veg til Bekkjarvik.

Sjå bildeserie frå BPR innom Øyane i 2011

Laurdag er det tid for Bergen Poker Run 2012, som kjem under Strønebrua og innom Øyane i 13-tida.

Tre tidlegare deltakarar frå Os er med, men i år er dei utan båt.

– Vi skal vera mannskap på ein Fountain 35, seier Karl Ole Lyngbø på vegne av seg sjølv, Eirik Haugland og Anders Arefjord.

– Men vi har noko på gang og kjem nok til å koma sterkt tilbake med eigen båt neste år, legg han til.

Johannes Brimsholm skulle òg ha vore med, med sin Miami 670, men er ute på jobb og går glipp av BPR 2012.

Mannskap i New Orleans

Om dei tre ikkje stiller med båt i år blir det nok mange fine båtminner frå 2012.

Anders og Karl Ole har nemleg varma opp til BPR, saman med Knut Martin Mjånes, på Poker Run i New Orleans.

– Vi fekk plass i ein Nor Tech 36 i det som er USAs tredje største Poker Run. Det blei litt av eit båttreff! seier Karl Ole.

Høgare pris - meir stæsj

Rundt 45 båtar deltok i Tickfaw 200 Poker Run 2012 på Lake Ponchartrain i New Orleans, som gjekk av stabelen 4. og 5. mai.

"Where the big boys play" skriv arrangøren på sine heimesider.

– Den største forskjellen var nok snittprisen på båtane. Heime ligg den vel på 500.000 kroner, i New Orleas truleg den tidoble, i alle fall om båtane skulle blitt selt i Noreg.

I tillegg var det litt meir bikini om bord og på land.

– Damene var nok meir stæsja, dei var til pynt, det var det ikkje tvil om, ler Karl Ole.

• På denne sida kan du sjå fleire bilde frå Tickfaw 200 Poker Run i New Orleans.

• I videoen under kan du sjå ein kort videosnutt frå før racet starta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.