midtsiden

- Litt nedpå, men så ...

Papaslide lover nedpå-blues på Peppes laurdag. I alle fall i starten på kvelden.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

- Vi skal sitja i morgon. Eg har vore nede og sett, og med den stemninga og den fine gruva midt i restauranten blir det best om vi tar det litt ned, seier Mr Papaslide, Rune Nordvik.

Ein knapp månad etter at Papaslide kom med sitt andre album, «What are we living for ...?», speler Nordvik med band på Peppes i den siste konserten i årets haustblues-serie.

- Men så, på tampen, skal vi dra på. Vi kjem til å blåsa gjestane ut dørene, seier Nordvik og ler.

Same besetning
Nordvik har med seg Arild Seim på gitar, Geir Rognø på bass og Valentin Donev på trommer.

Dette er same besetning som spelte inn debutalbumet «You cant´t hide», og same gjeng som sto på scenen i Visningssenteret under årets Osøren Blues & Jazzfestival i sommar.

Sel billettar til romsjulsblues
Haustblues er eit samarbeid mellom Peppes Pizza og Osøren Blues og Jazzfestival.

Konsertkvelden i morgon er også første sjanse til å kjøpa billettar til den populære romjulsbluesen i Fjellheim. I år er det Vetrhus Bluesband som står for musikken.

Vil du har ein forsmak på konserten i morgon?
Her finn du fleire youtube-klipp av Papaslide.

Fleire saker