Næringsliv | 09. sep. 2009

Liv i BB-fondet

BB-fondet som eig Oshjørnet, bankbygningane og Buggegården i Os sentrum, er framleis aktive med utviklingsplanar for Osøyro.

Liv i BB-fondet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. sep. 2009 12:00

Bildeserie:

1 av 2

Terje Haugan leiar framleis arbeidet med fondet BB Eiendom Invest I KS, men frå selskapet Bergen Eiendomsrådgivning AS. Han fortel om bra aktivitet i styret til fondet.

- Styret har vore samla to gongar etter sommarferien, og vi har møte igjen i neste veke. Vi kjem til å gjera nokre grep, og held på å drøfta strategi og rekkefølgje, seier Haugan.

Startar hos seg sjølv
Det var mange bygherrar i Os sentrum som fekk noko å tenkja på då Haugan tok kontakt våren, sommaren og hausten 2008.

- Jobben vår er å auka verdien på eigedomane i Os, våre eigne og andre sine. Dess fleire vi får med i planane dess større løft kan vi ta. Sentrumsutvikling fungerer klart best om det er av eit visst omfang.

Runden er gått, og særleg hos naboane bortover Landboden har byggherrane vore med på tankegangen. Men første endring skjer på BB-fondet sine eigedomar åleine.

- Miks og plassering av leigetakar er ein ting vi jobbar med. Vi vil skapa mest mogleg handel og aktivitet på dagtid, så vi i dialog med leigetakarar på Oshjørnet.

Her ligg blant anna Opus, nattklubb på kveldstid i helgene, kafé på dagtid.

- Det er for tidleg å seia om nokon kjem til å flytta, og vi er opptatte av å jobba tett med eksisterande leigetakarar.

Har midlar
Parallelt med justering og plassering av leigetakarar, blir eventuelle invseteringar i bygningane drøfta.

- I oktober i fjor sa du at området mellom banken og Buggegården blei neste steg. Kva konkret skjer framover?

- Buggegården er tom i etasjane over butikken. Husværa var ikkje brannsikre nok. Her kan vi koma til å gjera noko ganske raskt, men det kan også henda at vi tar Oshjørnet først. Det er slike ting vi diskuterar i desse dagar.

- Treng de ny emisjon og fleire investorar i fondet for å få finansiering til ombyggingane de har på blokka?

- Vi har midlar til å ta ganske omfattande oppgradering av eigen bygningsmasse. No diskuterer vi kvar og kor høgt vi skal gapa, seier Haugan.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.