Sport | 15. jan. 2017

Liv Pauline putta fem i slitesiger

På heimebane blei det 23-målssiger, i Kongsberg blei det tøffare å møta Skrim.

Liv Pauline putta fem i slitesiger
Liv Pauline Lunde, her i heimekampen mot Skrim, skåra nest mest med fem mål i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. jan. 2017 19:19

Etter ei lang reise og ein frustrerande bortekamp mot Vikersund laurdag sto handballdamene til Os i dag klare for å ta to poeng mot Skrim.

– Det blei som venta ikkje fullt så enkelt som i Oshallen. I tillegg til at dei stilte med ein stor tropp, utan at det var så voldsomt høgt nivå på spelarane, var vi sjølv ikkje heilt på topp, seier Os-trenar Trond Førde Eriksen.

– Om ikkje vi var heilt opplagte, så var heldigvis fightermentaliteten på plass. Då vi ikkje fekk spelet heilt til å sitja, var vi likevel innstilte på å kjempa for sigeren.

Skrim - Os 21-23 (11-10)
Os: Liv Pauline Lunde 5, Line Hjelle Berentsen 3, Elise Hjelle 8 (5 på straffe), Mia Torp Nielsen 2, Thiet Dang 2, Hilde Kristine Røttingen 2, Tonje Hjertnes Rykkel 1, Emilie Halhjem, Bente Mjanger, Vibeke Ingebrigtsen og Tiril Grønvigh.

– Ungdomen drog på, ikkje minst Liv Pauline, som sette fem spelemål. Det var fleire gode enkeltprestasjonar å sjå i dag, seier Førde Eriksen.

To heimekampar på rad

Os, som med dagens siger klatra til 4. plass på tabellen, speler heime både 29. januar og 1. februar.

Motstandarar er Stord på 2. plass og Gneist på 6. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.