Kultur | 26. jan. 2012

Livleg om Kurt Weill

VIDEO: – Dei er erfarne og gode songarar. No på tampen prøver eg å henta fram skodespelarane i dei, seier maestro Marius Dale Romslo før laurdagens Kurt Weill-kveld i Oseana.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. jan. 2012 09:17

"Frå Berlin til Broadway" er tittelen på Os kammerkor sin Kurt Weill-aftan i Oseana komande laurdag.

– Her er mykje av det beste frå 20- 30- og 40-talet. Musikken varierer frå det litt mørke i starten i Tyskland til det meir straighte Broadway-materialet etter flytting til New York, seier Os kammerkor-dirigent Marius Dale Romslo.

All musikk er av Kurt Weill. Kurt Julian Weill (1900-1950) var ein tysk jødisk komponist som i 1933 flytta til USA.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Mjånes og Vannebo med på laget

Kammerkoret har for første gong med seg jazzvokalisten Tone Linn Mjånes, som er solist på tre av låtane.

– Musikken er heilt fantastisk, dette gler eg meg til, seier Tone Linn.

Tubaist Elisabeth Vannebo har arrangementet.

– Eg er ikkje sikker på korleis kammerkoret fann fram til at dei ville gjera Weill denne gongen, men Vannebo har vore med og sett opp eit liknande program og kjente Weill sin musikk godt frå før. Ho har vore veldig nyttig å ha med seg, seier Romslo.

Om seksuell slavehandel - på nynorsk

Første nummer laurdag blir "Die Moritat von Mackie Messer", som er prologen til Tolvskillingsoperaen, komponert i Berlin og framført der i 1928. I 1933 vart operaen for første gong oppført på Broadway.

Seinare er operaen omsett til 18 språk og oppført meir enn 10.000 gongar.

Konserten held fram med 12 innslag, nokre av dei er til og med på nynorsk.

– Eg kjem til å synga både fransk og norsk på laurdag. Det kjem nok til å bli spesielt og kraftfullt å synga om seksuell slavehandel på nynorsk (omsett av Halldis Moren Vesaas), trur solist Tone Linn Mjånes.

Stødig kor - populær dirigent

Onsdag kveld var Midtsiden med på øving med koret. Dirigent Romslo fekk dei 26 i koret til å ta 'an heilt ut.

– Dei er så erfarne og trygge at vi, no når det nærmar seg, kan henta fram litt skodespelarar i dei, få dei til å leva seg endå meir inn i materialet, seier den unge dirigenten med bakgrunn som operasongar.

Romslo haustar mykje ros i koret.

– Eg hadde vore med i Os kammerkor i 25 år då eg gav meg. Men då eg fekk høyra om Romslo og var med på øving måtte eg rett og slett berre koma tilbake, seier ein av dei 8 mannlege medlemmane i koret, Georg Jørgensen.

VIDEO: Kort snutt frå øvinga onsdag. Konserten startar 18.30 i Oseana førstkomande laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.