Ekspertpanel i Oseana før avspark. (Foto: KVB)

Livlege finalefestar på Catten og i Oseana

Den harde kjerne starta festen seks timar før avspark. 

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag spelte Liverpool finale i Champions League mot Tottenham, ein kamp som enda med 2-0-siger til Liverpool.

I Os var det folksamt både på sportsbaren til Catten og på festen som Fjordfolk arrangerte i Oseana.

– Vi opna dørene klokka 15, i 16.30-tida passerte vi 30 gjestar i lokalet, fortel Espen Engevik frå Liverbirds Os.

Fanklubben hadde reservert heile loungen, køyrde fri bar og lodda ut ei rekkje premiar. Heine Østrevold var svært nøgd med sin.

– Denne trøya skal på veggen, sa Heine, som vann ei signert Steven Gerrard-drakt, med sertifikat som garanti på at drakta faktisk er signert av Liverpool-legenda.

Rundt 150 såg kampen på kinolerret

Ei veke før finalen fortalte det nystarta eventselskapet Fjordfolk, saman med Oseana og Oseana Kafé og Restaurant, at dei ville opna Oseanasalen for folk som ville sjå kampen.

Før kamp var det FIFA-konkurranse i Vargasalen, quiz via Kahoot og triksekonkurranse for å vinna premiar. Å triksa med ein mjuk, liten ball var ikkje enkelt, Martin Hunnes frå Os G14 klarte flest og vann padlekurs verdt nesten 1000 kroner. Dei andre vann fine Liverpool-gensarar og jakkar, og såg like nøgde ut.

Sjå jubelen i Oseana på 1-0-skåringa og stemninga på Catten før avspark i videoruta under.
(Artikkelen held fram under videoen)

CL - finalefest i Oseana og på Catten from Midtsiden on Vimeo.

Det møtte rundt 150 i Oseana. Det var noko færre enn kva arrangørane hadde håpa på, men mange nok til at det blei stor stemning både då Salah sette inn 1-0 på straffe og då Origi i 88. minutt punkterte ein finale som utover i 2. omgang blei svært spennande for begge laga sine fans. 

Fjordfolk let òg eit lite ekspertpanel seia sitt om kampen før dei kopla sendinga opp på storskjerm, akkompagnert av lett scenefyrverkeri frå Propyro.

Ørjan Håland kunne fortelja korleis han opplevde oppturen med Klopp, uavhengig av finaleresultat. Børge Lunde fortalte kvifor «You´ll never walk alone» aldri har blitt sunge så samstemt som då Liverpool møtte Dortmund (sjå video på Youtube før kampen i april 2016).

 

Fleire saker