Kultur | 25. aug. 2011

Livstreet i gåve

Kunstnar Erika Anfinsen blei tvungen til eit opphald på Ravneberghaugen. Det endte i utsmykking av inngangspartiet.

Livstreet i gåve
Andris Hamretorsdag 25. aug. 2011 09:40

For tre månader sidan kom Erika Anfinsen til Ravneberghaugen rehabiliteringssenter med ein nyoperert hofte.

- Eg var i utgangspunktet ikkje særleg motivert, då eg syntes sjølv at eg var for dårleg.

- Etter ei kort stund med godt stell, god støtte og ikkje minst godt mat fekk eg gnisten tilbake og spurte om eg fekk lov til å gjera noko med inngangspartiet, fortalte kunstnaren.

- Selvfølgelig skulle ho få lov til det. Vi såg jo for oss ein liten sak omlag så høg, smilar dagleg leiar Ranveig Klingsheim i det ho held henda omlag 40 cm frå kvarandre for å illustrera.

Timar med saks og papir blei til skisser og utkast som Anfinsen presenterte for styret på huset. Etter berre tre månader blei kunstverket avduka torsdag.

Viktig symbol

Ravneberghaugen er i følgje dagleg leiar Ranveig Klingsheim landets eldste noverande rehabiliteringsinstitusjon.

- Det at Erika har laga «Livstreet» i stål tykkjer eg er ein god og viktig symbol.

- Stål er solid, haldbart materiale, akkurat som vi er.

- Ravneberghaugen har bestått gjennom nedgangstider og motbakkar. Det skal vi framleis gjera, slo Klingsheim fast.

Natur, Kultur og Helse

Styremedlem, og kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen fekk æra av å avduka treet.

- For nokre år sidan blei det i helsevesenet danne eit begrep beståande av natur, kultur og helse.

- Her på Ravneberghaugen ser vi at samspelet mellom dei tre begrepa gir auka helsegevinst. Naturen har vi, helse har vi og no har vi òg kultur til det fulle.

- La treet vera til inspirasjon og kraft i dykkar draum om å bli bra igjen, helsa Axelsen til gjestane på Ravneberghaugen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.