Livsvisdom frå Bente

Video: Det blei var, varm og vakker livsvisdom då Bente Bratlund blei hylla med jubileumsframsyning.

Andris Hamre
21. oktober 2017 - 11:50

For godt over eit år sidan fekk Frøydis Flotve ein sekk med bøker av Bente Bratlund. Der var heile hennar førti årige produksjon som lyrikar. Flotve fekk frie tøyler til å velgja, noko som endte i ei nær halvannan time lang framsyning basert på 64 av dikta til Bente.

Og for ein jobb Flotve har gjort med bearbeidinga. På ein heilt utruleg måte har ho sydd saman dikta til ei samanhengande historie om livet, kjærleiken, håp, sorg og glede. Det ligg mykje livsvisdom i dikta til Bente Bratlund som Flotve har klart å løfta opp og fram gjennom dramaturgi og song, godt hjulpe av komponist Tarjei Vatne som har skrive musikk til 10 av dikta.

Skodespelarane Anne Wiig, Natasja Smørholm og Yvonne Algrøy leverer saman med Bente sjølv dei ulike fasane i dikta og livet gjennom sine stemmer.

No pleier ikkje Midtsiden trille terning, men denne gongen berre må vi. Det blir ein soleklar sekser!

Videoen over yter på inga måte framsyninga rettferd, men vi håper den likevel klarer å formidla noko av denne fantastiske prestasjonen. Det er berre så synd at ikkje dei no skal ut på turné. Det hadde framsyninga og dikta fortent. Det hadde publikum trengt.

«Her er eg no!»

Ei jubileumsframsyning for Bente Bratlund si dikting.

Bente Bratlund - forfattar og jubilant
Frøydis Flotve - Teaterfrø, prousent, manus og regi
Anne Wiig - skodespelar/songar
Natasja Smørholm - skodespelar/songar
Yvonne Algrøy - skodespelar/songar

Tarjei Vatne - komponist, piano, gitar, kor
Ole Amund Gjersvik - bass
Marius Mathisen - trommer
Leslie Egerer - fiolin og lydinnspeling

Anne-Lill Lyssand - dansar
Regine Drange Eriksen - dansar
Trym Jensen - dansar
Merete Orrebakken - dansar

Ann-Terese Aasen - koreografi
Jan Holden - lysdesign

Les meir om

Kultur Oseana