Næringsliv | 05. mai 2009

Løftar Varde-gutane

Unge menn, nye bilar og ein enorm utstyrspark. Varde Film & Media har rigga seg godt til i det norske film-miljøet.

Løftar Varde-gutane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. mai 2009 12:29

Bildeserie:

1 av 5

Frå kontor og lager i brannstasjonen på Os, leiger Anders Fløysand (t.v.) og Vegard Strønen i Varde Film & Media ut grip til små og store produksjonar, både på Vestlandet og i hovudstaden.

- Ved sida tenestane våre, og utleige av eige utstyr, har avtalen vår med Norsk Filmstudio AS blitt ein viktig del av drifta, seier Fløysand.

Norsk Filmstudio er landets største leverandøren av grip. Delar av utstyret står hos dei to entusiastane på Os.

- Det er kanskje litt spesielt, men vi har fått ein del kontaktar i miljøet desse åra, og formidlingsavtalen fungerer fint for begge partar. Vi bruker utstyret sjølv, og leiger ut til opptak av alt frå kjente filmar som "Skjult" og "Varg Veum"-filmane, til konsertopptak og kortfilmproduksjon.

Rundt 100 kvadratmeter lager er stabla til taket med kranar, dolly-hjul og ulike feste. Det er ikkje mange plassar Varde ikkje kan få eit kamera til å stå eller bevega seg stødig.

- Hopp om bord, seier Vegard, og løftar Midtsiden ein mjuk runde over taket på brannstasjonen i ein av kranane.

Ville starta lokal-TV
Det som starta som ein gutedraum har blitt eit levebrød og ein travel filmkvardag for Anders Fløysand og Vegard Strønen. Men det er ikkje så mange åra sidan Anders sprang i skogen og leika seg med familien sitt videokamera, og Vegard lagde studio for å starta lokal TV-stasjon, OLK (Os Lokalkrinkasting).

- Hadde det ikkje vore for Frode Sirevåg, som starta filmgruppe då eg gjekk på barneskulen, så veit eg ikkje kva eg hadde drive med, seier Anders.

- Frode lærte oss ein del, men viktigast av alt var den respekten han viste oss. Vi fekk låna kontor og kamera, og han fekk oss til å føla at vi var noko meir enn berre to gutar som leika seg med kamera.

- Og kvar stoppa planane om lokal-TV opp?

- Det stoppa vel opp med at folk oppdaga alderen til Vegard, ler Anders.

Vegard hadde både søknadspapirer klare, plakatar langs vegane og søkjarar til jobb som nyhendeopplesar.

- Men eg hadde ikkje sjekka pris på sendeutstyr. Dei millionane hadde eg ikkje, forklarar Strønen.

Dekker OKK-prosjektet
Tenesteyting er framleis viktigaste del av Varde-drifta. Musikkvideoar, bedriftspresentasjonar og opplæringsvideoar, men også oppdrag for private, som film og foto til bryllaup eller konfirmasjon.

- Musikkvideoar blir det fleire av, ikkje minst for ORBO & The Longshots, som kjem med ny plate og fleire nye videoar i år. Vårt samarbeid med ORBO har gjort at vi har kome i kontakt med fleire andre kjente artistar. Vi kan ikkje røpa namn enno, men det er nokre spennande prosjekt på gang.

Men Varde-gutane filmar framleis i lokalmiljøet også. På ytste moloen har dei plassert eit speilreflekskamera, som fungerer som webkamera retta mot byggeplassen på Mobergsneset.

- Vi filmar også byggeprosessen, og skal enda opp med ein dokumentar som inkluderer intervju med fleire av dei involverte.

- Kva med filmen du starta på for nokre år sidan, "Bæraren"?

- He, he. Eg blir mobba for den av familie og venar, men hadde det ikkje vore for det prosjektet så hadde vi kanskje ikkje drive med film i dag. Vi har nok ikkje tid til å laga spelefilm lengre, så den blir nok ikkje ferdig med det første. Men vi har ambisjonar om å ta opp igjen prosjektet ein dag, men då med finansiering som passar ein slik spelefilmproduksjon, seier Anders, og anslår 20 millionar kroner som passande.

- Vi lærte mykje av det vi heldt på med den gongen, ting som gjer at vi kan gjera jobbar som normalt krev mange fleire folk. Vi har folk å leiga inn, men ikkje slik du ser på store produksjonar, der alle har assistentar å kjefta på. Vi gjer all jobben sjølv, og kjeftar heller på kvarandre enn på innleigde handlangarar, seier Anders og Vegard.

Under kan du sjå ein av musikkvideoane Varde Film & Media har produsert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.