Sport | 25. sep. 2019

Lokal gründersuksess støttar Madelen sitt comeback

Madelen K. Holme er frisk, sterk og snart klar for kamp - no med stipend frå andre talentfulle lysefjordingar.

Lokal gründersuksess støttar Madelen sitt comeback
Madelen Koldal Holme (17) får støtte av Fesenso AS og nettbutikken comfybaby.no. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. sep. 2019 10:09

– Eg er tom for tårer, sa Sandviken- og U16-landslagsspelaren Madelen Koldal Holme til Midtsiden etter at korsbandet rauk i ei takling i september i fjor.

Ho mista både avsluttinga på Toppserien og EM-kvalifiseringa med landslaget.

I mellomtida har ho ikkje blitt gløymd. I desember blei ho tildelt 20.000 kroner i stipend av Bergen kommune, i april i år blei ho av BT kåra til ein av dei 25 beste seniorspelarane i Hordaland.

Det siste året har ho brukt 30-40 treningstimar i veka for å koma tilbake på banen. I vinter meldte ho overgang frå Sandviken til Arna-Bjørnar, i løpet av den komande månaden får ho truleg spelt sin første kamp sidan september i fjor.

– Eg kasta krykkene etter knappe to veker, eg har trent godt og eg følte meg speleklar i sommar. Men det blir anbefalt å venta litt utover dei 9 månadane om du er ung, så foreldra mine har bedt meg venta. No kriblar det etter å spela kamp igjen! seier 17-åringen.

Sterkare og raskare enn før

– Ho har ikkje skulka éi treningsøkt etter at ho blei skriven ut frå sjukehuset. Vi er veldig glade for å sjå kor fort ho snudde frå sorg til kamplyst, korleis ho har vist engasjement og disiplin for å koma tilbake på banen, seier foreldra Mona Koldal og Kjell Holme.

Ved sidan av å vera sjåførar til og frå trening og behandling, har foreldra hyra inn både mentaltrenar i starten, og seinare både personleg trenar innan styrke og eigen sprint-trenar for å bygga opp igjen løpsfart og skjerpa teknikken. Storebror Sander har, som alltid, vore ein nær og god støttespelar. Heile restitusjonsarbeidet har blitt leia av Idrettsmedisinsk Avdeling på Brann Stadion.

– Landslagstrenar Børje Sørensen har halde kontakten og vore oppmuntrande. Det same har lagvenninner og spelarar eg har blitt kjent med vore. Eg har dessutan fått tips og råd frå andre i toppserien, og frå utanlandsproffar. Til og med Ada Hegeberg har eg fått chatta med via Instagram, er er veldig takksam, seier fotballtalentet som no er i sin andre toppserieklubb før fylte 18 år.

– Det har i grunnen ikkje vore nokre tunge stunder, bortsett frå rett etterpå, og då eg i vår gjekk glipp av landslagssamlinga i vinter. Eg har lagt framfor skjema med restitusjonen, og er både sterkare og raskare enn då eg blei skadd i fjor.

Lokal gründer med pengestøtte til comebacket

Fesenso AS, som blei starta i fjor, har med nettbutikken comfybaby.no fått ein pangstart og ligg an til å omsetja for 5 millionar kroner i sitt første heile driftsår.

Selskapet har agentur på fleire produkt til spedbarn, blant anna den internasjonale bestseljande kosesauen Ewan, av Amazon kåra til verdas mest effektive sovebamse.

– Vi har treft godt av både sauen og bæresjal frå Fornessi, og det kjem fleire produkt i utvalet. Sensoren som gir deg melding på mobilen når bleia er våt, som eg fortalte om i gründerparken i fjor, er rett rundt hjørnet, fortel Kenneth Joseph.

Han trener oldboysfotball på Lysekloster, og har lagt merke til det flittige treningsarbeidet til Madelen - uavhengig av vêr og vind.

– Eg er fotballentusiast og har bite meg merke i den systematiske og grundige treningsinnsatsen hennar. Eg trur ikkje det er mange fotballtalent som er i nærleiken av å legga ned så mykje tid på trening som denne jenta her, ho er eit forbilde for både unge og vaksne.

– I tillegg har eg naturlegvis lese om Madelen, talentet hennar og den uheldige skaden. Vi forstår at ungdom som trener så mykje som dette, ikkje har tid til deltidsjobb, og ønskjer å støtta ho. Vi håper Madelen om nokre år hamlar opp med dei aller største fotballprofilane, og at Comfybaby samtidig pustar dei største innan netthandel i nakken! Kanskje kan vi seinare gå endå tyngre inn som støttespelar.

Summen på 11.000 er ei gåve, utan vilkår om profilering eller andre innsatsar for firmaet.

– Ho har fått ein genser med logoen vår på, det er alt. Så kan ho gå og skina litt heime i Lysefjorden med den, om ho vil, seier Kenneth og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.