Næringsliv | tre timar sidan

Lokalavisene blir hylla på eige frimerke

Mens lokaljournalistikken mange stader i verda blir bygd ned, står norske lokalaviser framleis sterkt. No blir dei heidra med eit eige frimerke.

Lokalavisene blir hylla på eige frimerke
TYPISK KVARDAG: Frimerket skildrar ein typisk kvardag for ein lokalavisjournalist, leveransar gjennom tekst, bilde og video av årets første hestehov. Foto: Posten Bring
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 24. apr. 2026 11:52

– I mange land forsvinn lokalavisene, og lokalsamfunn mister både fellesskap og kritisk journalistikk. I Noreg ser vi det motsette med eit sterkt nettverk av lokalaviser som framleis når breitt ut og speler ei avgjerande rolle i kvardagen til folk. Det er ein viktig grunn til at vi ønsker å løfte dei fram på eit frimerke, seier frimerkedirektør Roar Toresen i Posten Bring.

2026 er lokalavisene sitt år, og i samband med 50-årsjubileet til Landslaget for lokalaviser (LLA) ønsker Posten å heidre lokalavisene og folka som jobbar der.

Noreg har over 150 lokalaviser, og nordmenn er framleis blant dei mest avislesande folka i verda.

– Lokalavisene er grunnfjellet i det norske mediemangfaldet. Dei dekker alt frå dei små, nære historiene til dei større og tyngre sakene om lokalpolitikk og demokrati. Lokalavisene er heilt avgjerande for både tillit og engasjement i lokalsamfunna. Utan lokalavisene ville mykje av det som skjer rundt oss aldri ha blitt fortalt, seier generalsekretær Tomas Bruvik i LLA.

AVDUKA: Styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA), Øystein Øygarden og frimerkedirektør Roar Toresen i Posten Bring avduka det nye frimerket på Lokalavistoget torsdag. Foto: Posten Bring
AVDUKA: Styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA), Øystein Øygarden og frimerkedirektør Roar Toresen i Posten Bring avduka det nye frimerket på Lokalavistoget torsdag. Foto: Posten Bring

Frimerkemotivet speglar nettopp denne spennvidda i journalistikken, med ei klassisk lokalavissak, nemleg omtalen av den første hestehoven i år.

– Det kan verke som ei lita historie, men det er nettopp slike augeblikk med menneske i fokus som gjer lokalavisene unike. Lokalavisene er både lim og lupe. Samtidig har journalistane måtta omstille seg kraftig dei siste åra, og i dag jobbar dei på tvers med både tekst, bilde, video, lyd og sosiale medium. Lokalavisene har klart å bevare nærleiken, samtidig som dei har utvikla seg i takt med nye medievanar, seier Bruvik.

For Posten er frimerket også ei påminning om eit langvarig samspel.

– I generasjonar har vi frakta avisene ut til folk over heile landet, også der avstandane er store. Lokalavisene og Posten har vore tett knytte saman i utviklinga av det norske samfunnet, og dette er ein måte å anerkjenne den rolla dei framleis speler, seier frimerkedirektør Toresen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om