Næringsliv | 01. okt. 2016

Lokale krefter opnar ny dyrebutikk

Ho har drive open stall og open gard i fleire år. No startar Anne-Lill Bergesen dyrebutikk på Amfisenteret.

Lokale krefter opnar ny dyrebutikk
Madelen Bergesen Olsen og Anne-Lill Bergesen opnar butikken Dyrenes Beste Venn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. okt. 2016 07:45

Fleire dyr er på plass i hyllene, andre har ho heime fram til opningsdag. Dyra er mindre enn dei ho har sysla med før, grisen Otto, geitene og hestane.

– Det blei vel rundt tre år med open gard, men endå fleire år med stalldrift, seier Anne-Lill Bergesen om tida ho tok imot barnehagar og «sivile» på Kuventræ.

Les òg: Får besøk kvar dag

Dei siste åra har ho jobba i barnehage, men før sommaren fekk ho permisjon for å bli butikksjef hos Tropehagen Zoo på Amfisenteret.

For to veker sidan la kjeda ned butikken og no vil Anne-Lill, med dottera Madelen med på laget, opna ein ny, frittståande dyrebutikk.

Butikken skal heita Dyrenes Beste Venn.

– Utvalet er avgjerande

Anne-Lill likte seg godt dei fire månadane ho fekk i Tropehagen og har tru på at ho sjølv kan driva betre med eigen butikk.

– Kjeda fekk inn så få varer at mange kundar gjekk skuffa ut dørene.

No er hyllene fylte med både fôr og utstyr. Akvariefiskar, hamster, marsvin, rotter og kaninar skal vera på plass til opningsdagen om ei lita veke.

Bergesen vil dessutan få inn fuglar og hesteutstyr.

– Vi prøver oss ikkje på sal, sko og hjelmar, men grimer, børstar og anna forbruksutstyr. Eg er òg nøgd med at vi får hundefôr frå både Royal Kanin og Eukanuba.

Nye tenester

Ved sidan av varesal vil butikken tilby både enkelt stell og enkelte transportoppdrag.

– Vi vil starta med utkøyring. Om nokon har vore og handla på senteret og skal heim med buss eller sykkel, og vil ha med seg ein sekk med hundefôr, kan det vera greit å få hjelp.

– Utanom dette vil vi kunna hjelpa med kloklipp på gnagarar. Det er ein viktig del av stellet, men ikkje alle som synest det er så lett, seier Madelen og Anne-Lill.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.