Lokal | 20. mai 2020

Lokale krefter pregar kulturhuset gjennom sommaren

Oseana lanserer for første gong eit eige sommarprogram.

Lokale krefter pregar kulturhuset gjennom sommaren
Eirik er klar for å prega Oseana i sommar. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mai 2020 10:12

Pressemelding:

Det har vore stille på Oseana den siste tida, då alle arrangement brått fekk eit opphald grunna korona. Når reglane for å halda arrangement no opnar opp litt etter litt, tenkjer gjengen på Oseana kreativt og lanserer sitt første sommarprogram.

– Vanlegvis jobbar vi i sesong på haust og vår, men med bakgrunn i tida vi er inne i, hadde vi lyst å gjera noko for vårt publikum, seier arrangementssjef Berit Steen.

Osean har fått med på laget mange gode, lokale krefter, slik at dei no kan lansere sitt første sommarprogram nokonsinne.

– Tida vi er inne i er underleg frå før, så no ville vi leika oss litt med nye idear – difor blir det morgonkonsert i Griegsamlingen med Heine Bugge på trekkspel, og både morgon- og føremiddagskonsert med Hans Marius Andersen på trompet, der han har med bandet sitt.

Heine Bugge. (Pressefoto)
Heine Bugge. (Pressefoto)

For deg som likar morgonar, er det også sett opp to sommarøkter av den populære yogatimen med frukost, leia av Karina Lyssand. Nytt er at ein no også får høve til ein kunstsamtale med kurator Evelyn Holm, som vil vera tilstades i samlingen etter yogatimen.

– Vi vil halda yogaklassen ute på terrassen dersom været tillet det, men den er jo i utgangspunktet inne i Greigsamlingen, seier Berit.

Fleire nyttar høvet til å oppleva kunsten etterpå, difor vil Evelyn vera tilstades og fortelja om verka for dei som ønskjer det.

Griegsamlingens sommarutgåve 2020 visast i både Griegsamlingen og Hvelvet. Spesielt bør ein merkje seg Alf Rolfsens gigantiske måleri fra 1938, «Leiv Eiriksson oppdager Amerika», som aldri tidlegare har vore stilt ut på Oseana.

Bildet har ei interessant historie som vil bli fortald på utstillingsåpninga 13. juni.

4x Eirik

Er du av dei som likar at det svingar litt i rockefoten, og ønskjer ei skreddarsydd kveldsoppleving, så er kveldskonsertane med Eirik Søfteland ei garantert god oppleving, skal ein tru arrangementsjefen.

– Eirik er jo både eit musikalsk vidunder og ei sjarmbombe, smiler Berit.

Med flygelet føre seg i Greigsamlingen, vil Eirik saman med gitarist og bassist Tore Christer Storlid gje oss sine favorittar gjennom musikkhistoria. Med til saman berre 49 andre publikummarar, blir dette nærast ein intimkonsert.

Eirik Strønen Søfteland skal ha fleire intomkonsertar i Oseana i sommar. (Pressebilde)
Eirik Strønen Søfteland skal ha fleire intomkonsertar i Oseana i sommar. (Pressebilde)

Sommarprogrammet til Oseana er delt i to delar, der dei første arrangementa som blir lagt ut gjeld for opp til 50 deltakarar.

– Dette er ikkje så mange billettar, men det handlar om å vera tilstades og å kunna gje noko tilbake i ei tid som har vore vanskeleg for alle. No gjer vi det vi kan innafor dei rammene som til ei kvar tid er gitt av helsemyndigheitane, og vonar folk vel å koma.

Vi vil gjera dei nødvendige smitteverntiltak, slik at publikum kan kjenna seg trygg på å besøka oss.

Dersom regjeringa opnar opp for arrangement med fleire enn 50 deltakarar, vil Oseana sleppa fleire arrangement etter kvart. Då står både stand up, rockekonsert, kor og korps på plakaten.

Steen vil også nytta høvet til å takka alle dei lokale kreftene ho har teke kontakt med for å få dette til.

– For å få dette til måtte vi ha med lokale aktørar, både kor, korps, musikarar som Eirik Søfteland, og andre. Alle vi har ringt til har vore udelt positive – det set vi umåteleg stor pris på! avsluttar arrangementsjefen.

Oseana trappar opp morgonyoga i sommar.
Oseana trappar opp morgonyoga i sommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.