Kultur | 23. sep. 2013

LOL-brørne hylla av Datarock

VIDEO: Skryt, ekstranummer og Oseanas første (?) stagedive – Datarock gav Andreas og William akkurat den festen dei hadde håpa på.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. sep. 2013 09:15

Bildeserie:

Andy fekk seg eit stagedive før slutt. (Foto: Henrik Mjelva)
Bone Shakers. (Foto: KVB)
More rock, please! (Foto: KVB)
Stor stemning frå start. (Foto: KVB)
William og Andreas fekk blomar av ordførar Søviknes. (Foto: Henrik Mjelva)
Så kom Datarock. (Foto: KVB)
Bak ein kvar stpr trommis står ... ein stor trommis. (Foto: KVB)
Fredrik Saroea i storslag. (Foto: Henrik Mjelva)
Datarock flytta siste del av konserten ut på dansegolvet. (Foto: KVB)
Andy fekk seg eit stagedive før slutt. (Foto: Henrik Mjelva)
Bone Shakers. (Foto: KVB)
1 av 9
Bone Shakers. (Foto: KVB)
More rock, please! (Foto: KVB)
Stor stemning frå start. (Foto: KVB)
William og Andreas fekk blomar av ordførar Søviknes. (Foto: Henrik Mjelva)
Så kom Datarock. (Foto: KVB)
Bak ein kvar stpr trommis står ... ein stor trommis. (Foto: KVB)
Fredrik Saroea i storslag. (Foto: Henrik Mjelva)
Datarock flytta siste del av konserten ut på dansegolvet. (Foto: KVB)
Andy fekk seg eit stagedive før slutt. (Foto: Henrik Mjelva)

I juli blei Søfteland Rock N LOL runda av etter 7 vellykka festivalar på Søfteland.

Laurdag 21. september var det gravøl og fest, ein fest arrangørane kunne vera med på, i Oseana.

Jens Aasmundseth (frå The Beauty og Major Parkinson) sto for vorspielet på Peppes, Cockroach Agenda og Bone Shakers, sistnemnte med Andreas Lindborg på trommer, varma opp for Datarock i Oseana.

Før Datarock entra scenen kom ordførar Terje Søviknes med ein fin liten tale til festival-brørne, og overrekte kvar sin bukett.

Ekstranummer på dansgolvet

Så kom Datarock med "bukett" etter "bukett", superlativ som perler på ei snor, til festivalen og til Os Rockeklubb.

– Søfteland er blant våre absolutte favorittar, sa Fredrik Saroea.

– Vi har blitt utruleg godt mottatt og fått veldig proff service på Rock N LOL. Er de klar over kor utruleg fine folk de har her på Os? Sjå berre på trommesettet Kjetil Osablod Grønvigh har rigga til meg. Det er Os Rockeklubb sitt og det beste eg har spelt på, sa Tarjei Strøm.

Datarock serverte hit etter hit, fekk publikum med på allsong og dans (!), gav ekstranummer og tok dei siste låtane ute på dansegolvet.

Datarock organiserte også stagedive, kanskje Oseanas første, for Andreas Fosse Salbu frå Cockroach Agenda, som fylte 18 år i løpet av festen.

– Ei fantastisk avslutning!

Brørne Lindborg er strålande nøgd med festen, ein fest Datarock meiner bør bli tradisjon, gravøl for LOL kvar september i Oseana.

– For det første var det utruleg fin setting i Oseana, og knallgod lyd, noko som er ekstra kjekt for oss som spelte, seier Andreas, som også er trommis for oppvarmingsbandet Bone Shakers.

– For det andre er vi utruleg takkasame for korleis Datarock drog opp stemninga låt for låt, for alt det fine dei sa mellom låtane og for måten dei fekk med seg publikum på.

Fredrik Saroea og Tarjei Strøm inntok nesten ei konferansier-rolle og runda av med Andreas, William og musikarane som hadde vore på scenen tidlegare på kvelden på scenen, til låta "Time of my life" frå Dirty Dancing.

Rundt 300 var med på festen, noko færre enn det Lindborg-brørne hadde håpa på.

– Vi hadde håp om at vi skulle bli oppunder 500, men det var mykje anna som skjedde i helga og 300 var nok til at det blei god stemning og ein skikkeleg fest.

– Den harde kjerna, grom-LOL-arane, var der. Det var viktigast for oss, seier Andreas Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.