LoL lo av regnet

Søfteland Rock N LoL er ikkje avhengig av opphaldsvêr, laurdagen blei ny rekordkveld for arrangørane.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. juli 2010 03:29

Bildeserie:

1 av 22

I fjor fekk Søfteland Rock N LoL ein fin fredagskveld og ein svært våt laurdag. I år blei det regn begge dagar, men det letta utpå kvelden, litt seinare laurdag enn fredag.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

- Vi hadde 750 gjestar i går og har nyleg fått melding frå innsjekkinga at vi har passert 750 i kveld også, sa Andreas Lindborg nokre minutt før kveldens siste band, Datarock, gjekk på scenen.

Med det auka fjerde versjon av Rock N LoL frå 1200 til 1500 gjestar.

- Det er OK, men hadde vi hatt bra vêr trur eg nok vi hadde fått eit par hundre fleire gjestar, seier festivalsjefen.

10-0 på dagtid
Første band laurdag kveld, Abstractium, gjekk på scenen klokka 17.30. Men dette var ikkje starten på programmet denne dagen.

- Familiefestivalen vi hadde på dagtid var 10-0, Ila Auto lagde mykje liv, vi hadde morosame aktivitetar og kjempebra oppmøte, fortel Lindborg.

Glede i gjørma
Påfyll av grus og fleire meter med plankeflak å gå på hjelpte litt, men store delar av festivalområdet og Drus Kæmp besto laurdag kveld av gjørme.

Folk ramla og blei skiten og litt våt, men dei fleste var godt skodd og godt kledd, og humøret var på topp. Trass i regnet var det bading, kos på campen og trøkk framfor scenen. I 21-tida letta regnet, og Blood Command og Serena Maneesh blei akkompagnert av regnboge og flott, raud himmel.

Les òg:
Kom heim (med bildeserie og video frå fredagen)
At det kom nokre dråpar då Datarock gjekk på scenen, rundt 00.30, gjorde ingenting. Då var publikum i fyr og flamme, og Datarock fekk heile garden til å hoppa i takt då dei fyrte i gang dei siste notane for 2010-versjonen av Rock N LoL.

VIDEO: Gerilja, Kiss Kiss King Kong, Blood Command, Serena-Maneesh og DATAROCK, livet på festivalområdet, på Drus Kæmp og i tattoteltet til Marete Bakke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.