Kultur | 30. juli 2013

Longshots lagt på is

ORBO trivst som soloartist, Ine Tumyr synest det er deilig å jobba med nye prosjekt.

Longshots lagt på is
ORBO & The Longshots i USA i 2012. F.v.: Stian Tumyr, Paul Inge Vikingstad, Reidar Opdal, Ine Tumyr og Ole Reinert Berg-Olsen (ORBO). (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. juli 2013 08:29

I går fortalde vi om salssuksess for ORBO på norsk og spennande innspeling av neste plate, med blant andre Jace Everett (Bad Things) og Steffen Jacobsen (Idol) representert på den eine låta.

Men kva med The Longshots, ORBO sitt band gjennom 12 år, fram til solo-året 2013?

Er dei med på neste plate, og det som truleg blir turné i USA etter plateslepp ein gong tidleg i 2014?

– Meir fri

ORBO var lei av reising, i tillegg hadde han denne draumen om å gje ut ei plate på norsk.

– Det blei eit solo-år på meg, og etter så mange år saman har det vore ei god fridomskjensle.

– Eg liker å gjera litt andre ting, ha prosjekt med andre artistar, samstundes som eg har hatt meir fri, meir tid til å vera heime, seier Ole Reinert, som blei pappa i 2010.

Reidar og gamle-trommisen

– Er det planar om å byrja å øva med The Longshots til hausten? Skal dei vera med på neste plate, som kjem på engelsk?

– Det ser ikkje ut som om vi skal spela saman igjen med det første. Fleire i bandet har nye prosjekt på gang, og det er sånn eg må venta når vi tar pause. Eg må nesten rekna med at dei også vil driva med musikk medan eg er solo.

Men Reidar Opdal (piano) har følgt ORBO som solo, og trommis Magnus Skylstad var trommis i Longshots før Stian Tumyr kom inn i bandet.

– Og så har eg Eirik Larsson frå Søfteland med på bass. Det svingar godt av dette bandet òg, forsikrar ORBO.

Tre Longshottar i nytt band

Medan ORBO og Reidar framleis speler i lag har alle dei tre andre frå The Longshots felles prosjekt på gang.

– Eg forstår at Ole ville ha eit rolegare år, der han ikkje måtte på spelejobb kvar einaste helg. I tillegg gjekk han svanger med dette norske prosjektet, og det er ikkje akkurat Longshot-materiale, seier Ine Tumyr.

Ine Tumyr (vokal/perkusjon), Paul Inge Vikingstad (bass) og Stian Tumyr (trommer) frå The Longshots speler saman i eit nytt band.

Du såg og høyrde dei kanskje under Osøren Blues & Jazzfestival, bandet The Chase, med den talentfulle låtskrivaren, vokalisten og gitaristen Emil André Nordtveit (21) frå Fusa som frontfigur?

– Etter 12-13 år på reis saman med The Longshots har det vore deilig å jobba med litt nye prosjekt, seier Ine.

The Chase har, i tillegg til tre Longshottar og Nordtevit, med seg gitarist Erik Rolland, også han frå Fusa. Erik er storebror til hjarteknusaren Idar Rolland, som sjarmerte alle under UKM i Oseana i februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.