Los i Os: Kavalkade for 2024
Tilbakeblikk på vårt fjerde år med turskildring av lokale destinasjonar.
«Los i Os» er ein serie på Midtsiden med dronevideo og presentasjon av fjell og andre turområde i Osbygda og andre nærområde.
Første episode gjekk til Ervikane i juni 2021.
André Marton Pedersen er vår «los i Os». Han har tatt oss med på over 40 turar – tolv av dei i det inneverande året, som rundast av når klokka slår midnatt.
Turane har gått til kjente og mindre kjente stadar, på lokale fjell, i låglandet, korte og lange turar i skog, langs elv, vatn og sjø.
I ruta over ser du fleire videoglimt frå årets turar.
På vår samleside for Los i Os-serien finn du alle turane – med video og skildring av alt frå parkering til historie og fasilitetar på staden.