Kultur | 10. juli 2012

– Lots of love (LOL)

VIDEO: Rock N LOL handlar ikkje berre om å le ut høgt - folk er glade i kvarandre på Søfteland.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 10. juli 2012 14:29

– Det er utruleg kva som har vakse fram av venskap, samhald og nye kontaktar, seier festivalsjef Andreas Lindborg etter sjette Søfteland Rock N LOL på rad - og ny rekord med over 4500 besøkande på 1,5 døgn.

Les òg: Rock N LOL 50 % opp

– Eg trur LOL står for "lots of love", også artistane kjem med veldig fine tilbakemeldingar. Dei trivst på Søfteland og dei seier dei får utstyr som bestilt og ei betre oppleving enn venta.

"World's best backstage 1960s museum house" tvitra Millions under festivalen. Enslaved kallar Rock N LOL årets høgdepunkt.

– Det går mykje på publikum òg, at det er fullt trøkk framfor scenen fram til siste note av kveldens siste band. Vi som arrangørar er også veldig takksame for at publikum kjem i hopetal, at dei er så livlege og samtidig oppfører seg så fint, seier Lindborg.

Velfortent nachspiel

Etter ei ryddeøkt søndag blei det etterpå-fest med fleire av dei involverte.

– Os Rockeklubb, Lys og Lydproduksjoner, Varde Film og Media og fleire av dei mange som har hjelpt til hadde ei fin stund saman utover søndagskvelden. No står det framleis litt rydding igjen før det er tilbake på jobb og før vi kan starta å førebu oss på spelejobb med Bone Shakers i slutten av juli, fortel trommis og festivalsjef Andreas.

VIDEO (02:48): Søfteland Rock N LOL - stemningsrapport frå laurdagen med Abstractium, Heilag Olav, Herr Nilsson, Samsaya, The Beauty, Audrey Horne, Deathcrush, Kvelertak, The Megaphonic Thrift og Datarock på scenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.