Lovande og løye
Søre Neset med premiere laurdag: Verken OHARA, Oseana, brannstasjonen eller legevakta slepp unna årets revy på Haugland.


Søre Neset ungdomslag er blant revylaga som deltar i samarbeidet som set opp lokalrevy i Oseana i desember. Det hindrar ikkje ungdomslaget i også å laga revy i ungdomshuset på Haugland i oktbober.
– Vi har hatt haustfest med revy sidan tidleg på 70-talet, det er klart vi må prøva å halda fram med denne tradisjonen, seier skodespelar John Arve Halhjem.
Edru latter
I dag startar billetsalet på revyen, som har fått namnet «Goddag mann økseskaft». Laurdag er det haustfest og premiere og neste helg blir det to tilleggsframsyningar.
– Premieren er alltid mest livleg, haustfesten set sitt preg på stemninga. Det er kjekt dei andre kveldane òg, men dei som er edru ler på litt andre plassar, humrar tekstforfattar Runar Drønen.
Skriving og øving
Runar fortel at han, så snart han hadde fått fjorårets revy ut av kroppen, byrja å ta notatar til årets revy.
– Ei skrivegruppe er også med og lagar tekstar. I april og mai hadde vi dei første møta og sidan august har vi hatt to øvingar i veka, seier Drønen.
To ut - ein inn
Av dei som var med i fjor har Janike Presthus tatt seg ein pause og Laila Moberg trappa litt ned.
– Janike er med i Oseana og ville nøya seg med det i år. Laila er med i år, men mest som scenearbeidar.
Les òg: Os og Søre Neset i tio
Ny i gruppa er Linda Nytræ, som dei to siste åra også har vore med revygruppa Nor å ne på Nore Neset.
– Eg synes det er veldig kjekt å vera med og trivst med det å vera litt frilans, så får eg med meg både Nore og Søre Neset, seier Linda, som også for nokre år tilbake var å sjå på scenen på Haugland.
Alt er med
Revyen er innom mykje av det som har skjedd i Os den siste tida, frå Lidl-lageret, Oseana og kloakkreinseanlegget OHARA til legevakta saman med Samnanger og bygginga av ny brannstajon, alt er med.
– Men vi er ikkje så lokale at du må koma frå Os for å forstå poenga. Det er i alle fal lslutt på den tida at du måtte koma frå Søre Neset for å henga med, seier Runar og John Arve.
Litt lokal er dei likevel, som når Noahs Ark skal ta med to frå kvar krins, men nøler litt når det kjem til dei frå Øyane og Hegglandsdalen.
Øvinga ser ut til å ha gjeve resultat. Samfunnsengasjert tekstforfattarar, erfarne amatørskodespelarar, bra med effektar og kostyme gjer saman med musikken til Tord Søfteland at Goddag mann økseskaft heng fint i hop.
Fleire av låtane er dessutan på eigen melodi, noko skodespelar og skribent Jan Helge Kordts har stått for.
Medverkande:
Karianne Sætre, Kristine B. Tikkanen, Runar Drønen, John Arve Halhjem, Jan Helge Kordts, Linda Nytræ, Nina B. Halhjem og Laila Moberg.
Musikk: Tord Søfteland.
Lys og lyd: André Olsen.
Scene/sminke: Laila Moberg og Camilla Haugland.
Sufflør: Camilla Haugland.