Lovande takter av damelaget
Os fekk tøff motstand, men skapte tett med sjansar i serieopninga.
Anna Martine Særvold Mjånes (18) og Ayleen Akyüz Hagen (19) var dei eldste på «det nye» Os-laget som i dag opna serien i 3. divisjon heime mot NHHI. Alle utanom desse to og Stine Eide debuterte på nivået, fire andre spelte 4. divisjon i fjor.
Kampen, vgs mot høgskulen, starta jamt. Gjestane drog ifrå før pause, og vann komfortabelt, men det unge damelaget til Os fekk vist både at dei kan og at dei vil.
– Vi har eit ungt lag, og vi har eit nytt lag. Mange av oss har aldri spelt saman før. Eg synest vi fekk til veldig mykje, og då vi såg at det ikkje blei siger fekk vi òg øvd på ein del ting, seier Ayleen.
Ho har endra rolle til midtback, og bygde opp mange sjansar for laget sitt. Meningenting var gratis i dag.
– Vi skapte mykje, men NHHI stilte med ein veldig god keeper. Mot slutten øvde vi på å spela 7 mot 6 (keeper av banen då laget var i angrep), men det hadde ikkje så mykje å seia om vi tapte med 7 eller 13 mål i dag, seier hovudtrenar Trond Budal.
Os - NHHI 16-29 (8-14)
Os: Maia Emilie Heimtun Skudal (keeper), Julie Hjertholm Lindborg (keeper), Stine Eide 5, Ayleen Akyüz Hagen 3, Anna Martine Særvold Mjånes 2, Dina Søvik Midthun 2, Malene Massi Fagerthun 2, Silje-Marie Ognøy Hamre 1, Mia Gabrielsen 1, Charlotte Pettersen og Lena Nåmdal.
Os gjekk i føringa i starten, blei forbigått, men utlikna til 7-7 i 18. minutt. Så kom 10 minutt utan skåring av heimelaget, trass straffe og sjanse på overgangar. Dei rakk å redusera til 8-14 før pause.
Andre omgang gjekk det noko betre, opp til 9-14 og10-15. Så følgde laga kvarandre nesten heilt til slutt. NHHI hadde gode skyttarar, Os skapte mykje, men missa på ei rekkje overgangar, og mange gode skot blei fanga av den sterke NHHI-keeperen.
– Det var godt å koma i gang, og ein lærerik dag for jentene. Vi mangla òg nokre spelarar, spelarar som både har fart og er gode skyttarar, så eg synest ikkje dette var så verst, seier Budal.
Også neste kamp går på heimebane, då mot Florø, som starta serien med 33-29-siger over tidlegare Os-trenar Gitte Torp sitt Askøy.