Næringsliv | 24. aug. 2012

Lover variert bondedag

Bondens dag: Spel hønsebingo, prøv deg som kalveutstillar, ta ein ridetur og møt bygdas kraftigaste kar. - Det blir noko for ein kvar, lover arrangørane.

Lover variert bondedag
Olav Botnevik frå bondelaget og Geir Amundsen frå sentrumsforeninga lovar stor aktivitet på Kyrkjeflaten og i sentrum (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 24. aug. 2012 13:53

Laurdag er det igjen bondens dag på kyrkjeflaten og høg aktivitet i og utanfor Os sentrum.

- På telthusplassen og ved torget blir det høgt aktivitetsnivå med torgdag og utstillarar av mange slag, fortel Geir Amundsen, leiar i Os sentrum.

- I tillegg har Olav Botnevik frå bondelaget fått sponsa frukost frå Gilde og Tine, så den tradisjonen har vi teke med oss frå tidlegare år.

Etter frukosten klokka 10 speler elevane frå Kongshaug opp med konsert kor publikum kan vera med å støtta deira humanitære prosjekt.

Møt bygdas sterkaste kar

Arne Thuen har lenge vore kjend som den sterkaste karen i bygda.

- No har bonden på Lyssand funne ein kar som er sterkare.

- På laurdag kan de få treffa han på Kyrkjeflaten. Eg kan vel røpa at han har eit par bein meir enn Arne, smiler ein løyndomsfull Olav Botnevik i bondelaget.

Kor skit høna?

I fjor tok Aase Lønningdal med seg hønane sine til Øyro.

- I år er det ikkje Aase sine høner som blir med, men hønene på Kuventræ. Eg reknar med dei kan spela bingo dei òg.

Hønsebingoen går ut på at du tippar kor hønene gjer frå seg på ei plate med 40 like store ruter.

- Det blei jo ein stor suksess i fjor slik at vi måtte arrangera fleire spel. Vi er klare til å gjera det same i år, forsikrar Botnevik.

Prøv deg som kalveutstillar

Eit populært innslag i mange år har vore kalvesjå og utstilling.

- Det byrjar å bli færre bønder som driv med kjøt og mjølkeproduksjon. Det gjer at har vi litt få til å presentera kalvane for dommarpanelet og juryen.

- Dirfor kan alle som er mellom 4 og 15 år få prøva seg som utstillarar. Dei yngste skal sjølvsagt få lov til å ha med seg mor eller far og få godt med veileiing før dei går i ringen, forsikrar Botnevik.

I tillegg til arrangementa stiller bondelaget med hesteridning og fleire dyr ein kan få helsa på.

Berre eitt lag påmeldt

For nokre år sidan blei det arrangert Osmeisterskap i rundballerulling.

- Den aktiviteten har vi lyst til å ta opp att og har utfordra dei politiske partia, men det er berre eitt som har meldt seg, fortel Amundsen.

A-laga til Os Turn, Lysekloster, Søre Neset, Nore Neset og Søfteland blei difor også utfordra, men dei er opptekne med kampar laurdag.

- Om det er nokon som har lyst til å prøva seg er det berre å finna fire vener og bli med, skyt Botnevik inn.

Ro ein Oselvar

Parallelt med arrangementa på Kyrkjeflaten og i sentrum går Oselvarfestivalen av stabelen i og ved Oselvarverkstaden.

- Der blir det defillering av oselvarar og moglegheiten til å prøvero, så det er berre å leggja turen utom der òg, avsluttar Geir Amundsen i sentrumsforeninga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.