Lokal | 02. mars 2019

Lovleg rocke-bål på Ulven

Vanlegvis er det forbode å brenna bål etter at det har blitt mørkt.

Lovleg rocke-bål på Ulven
Dette bålet fekk fleire til å reagera i kveld, men årsaka var filminnspeling og bålet var godkjent av brannvesenet. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. mars 2019 19:10

Laurdag kveld har det vore høge flammar frå eit bål på Ulvensletta.

Midtsiden har fått tips om både mogleg brann og noko som liknar på filminnspeling.

– Vi kjenner til bålet. Det er filminnspeling, og dei har søkt og fått godkjent bålbrenninga, seier varabrannsjef Arne Monsen til Midtsiden.

Frå avstand var lyden frå trommespeling lett å høyra, og det skal vera innspeling av musikkvideo som har pågått.

Førebuingane og innspelinga har pågått store delar av laurdagen, men skal i 20-tida vera avslutta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.