Lokal | 15. mai 2013

Lufta hunden, blei robba

Mann var ute og lufta hunden, i mellomtida braut ukjende seg inn i bustaden i Lønningdalen/Midtsæter. Politiet ber om observasjoner av ein mørk BMW.

Lufta hunden, blei robba
Politioverbetjent Terje Sperrevik ber om tips etter innbrot i Lønningdalen/Midtsæter tysdag. (Fotomontasje: Statens Kartverk/1881.no/Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. mai 2013 07:28

I det elles så rolege nabolaget i Lønningdalen/Midtsæter har dei byrja å låse dørene etter at ein av naboane kom heim til endevendt hus tysdag førmiddag.

– Innbrotet skal ha skjedd mellom 0930 og 1030 tysdag førmiddag, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Huseigar skal ha vore ute og lufta hunden sin. Då han kom heim var huset endevendt, skuffer og skap var tømt. Etter det Midtsiden kjenner til har tjuvane teke med seg både kontanter frå ei lommebok og fleire gamle gjenstander av verdi.

– Det skal ha blitt observert ein mørk BMW. Om fleire av observasjonar av denne, ber vi at dei formidlast til politiet, seier Sperrevik.

I følgje naboar Midtsiden har vore i kontakt med har den aktuelle BMWen, som av naboane skildrast som "shabby", har bilen køyrd oppover mot huset, snudd og parkert litt lengre ned i vegen.

– Alle vi som bur her har låst dørene våre etter hendinga.

– At noko slik skjer i vårt fredlege nabolag er skremmande, fortel ein nabo som ønskjer å vera anonym til Midtsiden.

Har du tips i saka kan politiet kontaktast på 56 30 39 00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.