Luftig opning av 2Stabilise

Olje- og energiminister Terje Søviknes var blant dei som fekk lufta seg då 2Stabilise inviterte til offisiell opning onsdag.

Andris Hamre
29. juni 2017 - 10:01

2Stabilise leverar stabiliseringsløysninger av rørgjennomføringar på oljeplattformar på sokkelen. Endringar i oljebransjen gjorde at Kjell Størksen og dei andre tilsette på avdelinga i det store internasjonale selskapet dei då jobba i, måtte sjå på andre løysingar. Resultatet blei, at dei ved hjelp av lokale investorar, etablerte selskapet 2Stabilise og etablerte seg på Os

Onsdag inviterte dei olje- og energiminister Terje Søviknes, fungerande ordførar Laila Marie Reiertsen, samarbeidspartnarar, investorar, tilsette og familie til offisiell opning i lokala i Holtbrekka.

– For eitt år sidan var det ingen som trudde vi skulle sitta her i dag. Det var eit dramatisk val å ta å skulle byrje for oss sjølv, men takka vere gode rådgjevarar, gode kollegaer som ville vera med og lokale investorar som har hatt tru på oss har vi fått det til, helsa grunnleggjar Kjell Størksen gjestane.

Godkjent på fire månader

2Stabilise har allereie gjort sin første jobb på Valhall for Aker BP og førebur no to nye oppdrag på britisk sokkel i sommar.

– Den første jobben på Valhall leverte vi som planlagt og avtalt på fem veker, sjølv med ti dagar nedetid kor vi ikkje kunne jobba.

– Det neste no er to oppdrag på britisk sektor, kor vi tilsaman har tre månader med full aktivitet. Det er nesten umogleg, men vi har blitt godkjent som leverandør av BP UK i løpet av fire månader. Normalt er det ein prosess som tek minst eit år. Fredag sender vi konteinarane frå Holtbrekka til England for å starte jobben.

– Det har gått ekstremt bra for oss i starten. Vi har vore både heldige og dyktige. Det skal gjengen eg har med meg ha mykje av æra for. Dei kan jobben og produktet, fortalde Størksen.

Aldri brukt så mykje på så kort tid

Dei lokale investorane er brørne Espen og Knut Jarle Aspenes.

– Kjell kontakta oss i fjor haust. Vi har inga peiling på denne bransjen, men vi fekk trua på ideane og teamet hans. Dette ønskja vi å vera med på. 

– Det ville òg vera kjekt om ein klarte å skapa 10-12-15 arbeidsplassar innan denne sektoren også på Os. Det håper og trur eg dokker klarer. Ikkje minst på doker vegne. Så har vel aldri Knut Jarle og eg brukt så mykje pengar på så kort tid på noko som vi har så lite peiling på, helsa Espen Aspenes på vegne av investorane.

Knoppskyting og gründerånd

Olje- og energiministeren nytta òg høve til å gratulera.

– Gratulerer med etableringa. Det er mykje knoppskyting som skjer i bransjen. 2Stabilise er eit døme på det. Det at de tør satsa er kjempebra. 

– Gjennom dei seks månadane eg no har vore minister har eg lært at det er ein fantastisk leverandørindustri og ein gründerånd som lever og som tek bransjen vidare i dei tøffe tidene bransjen har vore gjennom. Spesielt gjeld det på Vestlandet.

– Eg vil nytta høve til å ønskje dykk all lykke til med vidare vekst og vidare utvikling. Ein må heile tida ligga i front skal ein lukkast i denne bransjen, helsa Terje Søviknes før han blei utfordra på å testa klatreutstyret 2Stabilise nyttar seg av når dei er ute på plattformane.

Les meir om

Lokal Næringsliv Industri