Luftig, portugisisk keeperskule på Lysekloster
17 keeperar frå 10 klubbar har i helga blitt undervist av keepertrenar frå Sporting Lisboa.
Miguel Miranda frå Sporting CP i Lisboa hadde med seg Brann sin keepertrenar, Bartosz Deregowski som hjelpeinstruktør då han i helga underviste 17 keeperar frå 9 til 18 år gamle.
– Vi trengte 10 deltakarar for å gjennomføra dette. At det kom 17 er heilt supert, seier fotballanalytiker Henrik Sandtorv og spelarutviklar Jacob Nielsen frå Lysekloster il.
Deltakarane, 16 gutar og ei jente, er frå klubbar i Os og bergensområdet. Dei fekk systematisk trening over to økter for dagen laurdag og søndag, med sponsa måltid frå Lerøy i pausane.
Atletisk og stabil
Miguel Miranda er «Head of goalkeeping Sporting CP» og deltar på ulike akademi. Jan Oblak (Atletico Madrid), Ederson (Man City) skal vera blant dei han har undervist.
– God teknikk er berre eit verktøy, eg jobbar med å utdanna keeperar som tar gode avgjerder så dei kan prestera i kamp. Om dei blir observante på ulike «trigger point», at dei veit kva dei skal sjå etter i ein kamp, så hjelper det keeperen å ta rett avgjerd på kort tid, seier Miguel til Midtsiden etter siste økt søndag.
Etter sitt første besøk i Noreg er han overraska over nivået.
– Dei norske ungdomane eg har trent i helga er imponerande atletiske, og samtidig disiplinerte og mentalt stabile. Dette er heilt i tråd med profilen på ein god keeper.
Små tips av stor betydning
Laurdag blei det øvd på skotstopping, innlegg og igangsetjing av spelet, søndag sto spel med beina i fokus. Både dei unge og eldre deltakarane ytra stor begeistring for Miguel si undervising.
– Vi har lært mykje, frå å redda med supermannheading til å få god punch, og vi har det veldig gøy! Dette er verdas beste keeperskule, seier 12-åringane Oskar og Henrik frå Lyngbø il.
Dei eldre ungdomane, Magnus Eidsvåg frå Lysekloster, Tobias Takvam frå Fana og Ivan Muratovic frå Osterøy, har sans for både arbeidet på feltet og foredragra dei har fått i pausane.
– Eg liker metoden, måten øktene er bygd opp på, frå teknikk til motstand og meir kamplike situasjonar, seier Takvam.
– Samtidig kjem han med mange konkrete råd, som høyres ut som eit lite tips, men som du fort merker kan vera «gamechanging» når du få testa dei i ein reell situasjon.
Modige tigersprang
Sandtorv, som sjølv har vore keeper, seier det er første gong han har sett stupheading har vore del av programmet på ein keeperskule.
– Men eg ser at det er med på å skapa både mot og stemning.
Keeperskulen blei avslutta med ein konkurranse der to lag kunne slå kvarandre ut ved å redda forsøk eller skåra på skot eller heading. I første av tre rundar blei yngstemann Karol (9) matchvinnar med skåring på både skot og stupheading.