Lokal | 09. apr. 2019

Lukkast med å trekka 13 mannfolk på yoga

Os Yoga og Karina Lyssand starta eigen herreklubb.

Lukkast med å trekka 13 mannfolk på yoga
Siste ettermiddag i Herreklubben - kvar måndag i fem veker har Karina Lyssand introdusert 13 menn for yoga. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 09. apr. 2019 12:39

Bildeserie:

Nokre av deltakarane på kurset. Karina fortel at ho gjerne ser dei att i nokre av dei andre klassane ho har. (Foto: KOG)
Nokre av deltakarane på kurset. Karina fortel at ho gjerne ser dei att i nokre av dei andre klassane ho har. (Foto: KOG)
Fredrik Andersson, her saman med Karina, fortel om eit kurs som vart meir fysisk intenst enn han trudde, men som gav god innsikt.
Fredrik Andersson, her saman med Karina, fortel om eit kurs som vart meir fysisk intenst enn han trudde, men som gav god innsikt.
1 av 2
Nokre av deltakarane på kurset. Karina fortel at ho gjerne ser dei att i nokre av dei andre klassane ho har. (Foto: KOG)
Fredrik Andersson, her saman med Karina, fortel om eit kurs som vart meir fysisk intenst enn han trudde, men som gav god innsikt.

I går var det avslutning for «Herreklubben - yogakurs for menn».

Kvar måndag i fem veker har 13 menn i ulike aldrar fått utfordra både komfortsona, og kva kroppen eigentleg kan.

Fekk dei inn døra

Karina fortel at utgangspunktet for kurset var å gje mannfolk eit innblikk i kva yoga er.

– Eg var sikker på at så lenge eg fekk dei innanfor døra, ville dei få eit heilt anna syn på yoga og kven yoga passar for.

Gjennom dei siste måndagane har deltakarane vore gjennom pust- og pranayama-teknikk, foroverbøyingar, bakoverbøyingar, tvistar og hofteopnarar.

- Eg let dei får prøva å kjenna på dei mest «basic» øvingane, og saman gjekk vi gjennom grunnprinsippa for å gjennomføra stillingane på ein effektiv måte.

Intenst - men med belønning

Fredrik Andersson er ein av dei 13 som har delteke på kurset.

Han fortel at han lenge har hatt ein dårleg rygg og «dårleg infrastruktur».

– Det er ikkje ein typisk mannegreie å gå på yoga, men eg ville utfordra meg sjølv og sjå om dette kunne vera til hjelp.

Fredrik fortel at kurset har vore til inspirasjon, og det vart ikkje heilt slik han trudde det skulle bli;

– For det første var det mykje meir fysisk intenst enn det eg trudde, men då har jo dei avslappande sekvensane samstundes vore mykje meir som ei løn for strevet.

Fredrik fortel at han i alle høve kjem å nytta kurset som grunnlag for tøy og bøy i heimen.

– Dette har vore ein god introduksjon til yoga, og det har gjeve meg ein god innsikt i både kropp og eigen komfortsone.

Vil halda fram med herrekurs

Karina fortel at Fredrik si oppfatning om at det var fysisk intenst stemmer med programmet ho har lagt opp til;

– Sjølv om mykje var det same som for damene, let eg kurset vera noko meir styrkebasert - dei fleste menn er noko fysisk sterkare enn kvinner.

– Kjem du til å halda fram med herrekurs, eller vart det med denne gongen?

– Nei, dette var veldig kjekt, så det kjem fleire herrekurs og herreklubbar. Samstundes håpar eg at desse karane eg har på kurs no, hiv seg på dei andre klassane eg har - det er dei hjarteleg velkomne til å gjera.

Les òg: No går «halve Os» på yoga hos Karina

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.