Lokal | 05. sep. 2017

Lunsjdrøs med Listhaug

Det blei tid til både lunsjdrøs og barneprat då innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) vitja frivilligsentralen tirsdag.

Lunsjdrøs med Listhaug
Sylvi Listhaug møtte Olia Shirzad med dottera Kowser Nabizadeh tysdag. – Ho er nøyaktig like gamal som Steffen, smilte Listhaug som blei mor i april (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 05. sep. 2017 12:06

Bildeserie:

Eg er Tove Hille. Kven er du? helsa ei litt stressa Hille då Listhaug vitja frivilligsentralen (foto: AH)
Eg er Tove Hille. Kven er du? helsa ei litt stressa Hille då Listhaug vitja frivilligsentralen (foto: AH)
Listhaug fekk høyre om erfaringane frå frivilligsentralen og flyktningetenesta under lunsjdrøsen (foto: AH)
Listhaug fekk høyre om erfaringane frå frivilligsentralen og flyktningetenesta under lunsjdrøsen (foto: AH)
1 av 2
Eg er Tove Hille. Kven er du? helsa ei litt stressa Hille då Listhaug vitja frivilligsentralen (foto: AH)
Listhaug fekk høyre om erfaringane frå frivilligsentralen og flyktningetenesta under lunsjdrøsen (foto: AH)

Ved lunsjtider onsdag kom ein av dei mest omtala, og omstridte, statsrådane på vitjing til Frivilligsentralen på Kyrkjeflaten. Tett følgd av fleire livvakter fekk innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) eit varmt møte med frivillige frå mange land over ein enkle brødlunsj.

– Er du sulten? Du må eta, helsa Tove Hille, leiar i Os frivilligsentral, på tradisjonelt vis, då ministeren kom inn dørene på det gamle kommunehuset og med det var stemninga satt.

Vil gje tilbake

Vel plassert rundt bordet, men skiva i handa fekk Listhaug høyre om korleis frivilligsentralen jobbar og samarbeider med mellom anna kyrkjelyden, folkehjelpa, turlaget og sanitetsforeningane.

– Det frivillige arbeidet er ein vinn-vinn situasjon. Det er utruleg spennande å læra av kvarandre og om kulturforskjellane. Vi har no 110 frivillige frå eit utal land, som i fjor leverte 7204 frivilligtimar til kommunen.

– For mange av dei som kjem som nye til Noreg er frivilligheten ein måte å gjera seg kjent på. Dei har lyst til å gje noko tilbake til samfunnet, og mange av dei gjer det gjennom frivilligsentralen.

– Mange av dei kjem via språk-kafeen vi har saman med kyrkjelyden, folkehjelpa, saniteten og NAV Flyktningetenesten. Der gjer vi alle førebuingane saman og snakkar norsk når vi står på kjøkenet. Det er språktrening i praksis, påpeika Hille, som på vanleg vis fortalde engasjert om aktiviteten på inn og utpust.

Kan læra av kvarandre

Listhaug lot seg imponera av det høge aktivitetsnivået i sentralen.

– Det virker som de jobbar godt. Eg har tru på frivilligheiten evne til integrering, som ein tilleggsdimensjon til det ein kan få til med løna arbeid.

– Vi lærar bort korleis det er å leva i Noreg, men samstundes så kan vi læra av dei. Ikkje minst i høve det å ta vare på dei eldre i familien. Der er vi ikkje like flinke i Noreg lengre. Samstundes så må vi sette nokre rammer og krav, men det å bli sett krav til er å bli tatt på alvor, påpeika Listhaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.