Ellen Gooderham frå SANDS orienterte Bjørnafjorden kommunestyre i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Luranetunet: – Samtalar med 14 personar har vore vesentleg

Advokat Ellen Goodham orienterte om framgangsmåte og funn i varslingssaka. 

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I ein artikkel i Klassekampen onsdag 28. august fortalte to tilsette, Irene Vågen og Helene Thuen, om frustrasjon og mangelfull bemanning på Luranetunet.

I eit brev dei sendte i januar fortalte dei om fleire kritikkverdige forhold.

Os kommune handterte saka som ei varslingssak, etter omtale i avisa, og engasjerte advokatfirmaet SANDS som rådgjevarar.

I dag kom rapporten. 

– Eg er glad rapporten viser at det ikkje har vore systematiske brot på helselovgivinga. Samstundes tek vi dei funn som er avdekka på alvor, og vil iverksetja tiltak som skissert i rapporten, seier Monica Totland Melvold, kommunalsjef for helse og omsorg, i ei pressemelding i kveld.

I ettermiddag kom Ellen Goodham frå SANDS for å orientera Bjørnafjorden kommunestyre om framgangsmåte og funn.

– Samrøystes frå 14 tilsette

SANDS lista opp det som var varsla, altså forholda som no er undersøkt:
1. Mangelfull bemanning på avdeling, som leia til at bebuarane ikkje får ei forsvarleg teneste.
2. Eit belastande arbeidsmiljø med mangelfull bemanning og kritikkverdig leiing.
3. Brot på fortrinnsrett til utviding av stilling (ufrivillig deltid).
4. Bruk av lærlingar. 

Alle tilsette ved avdelinga har fått melding der dei har blitt inviterte til å uttala seg. I tillegg er det innhenta dokumentasjon om bemanning, sjukefråvær og andre relevante opplysingar.

Goodham fortel at samtalar med 14 personar med tilknyting til avdelinga har vore av høg verdi.

– Har desse vore samstemte, eller sprikande i korleis dei skildrar situasjonen?

– Folk ordlegg seg forskjellig, men eg vil sei at dei har vore samstemte i innhald.

Hovudfunnet er at bebuarane får forsvarleg helsehjelp, men at enkelthendingar tilseier at det kan oppstå situasjonar der dei ikkje klarer å møta alle krav som blir stilte i kvalitetsforskrifta.

Samtidig gir alle tilsette SANDS har snakka med uttrykk for at dei opplever å ikkje gi gode nok tenester, men i rapporten finn dei ikkje grunnlag for å konkludera med at det er eit uforsvarleg arbeidsmiljø.

– Det første brevet kom i januar, i august opplevde dei to tilsette som var intervjua av Klassekampen at lite hadde skjedd. Har SANDS sett på perioden frå januar til august, og ikkje berre status per i dag?

– Ja. Det vil du sjå om du les heile rapporten, svarer Goodham.

Her kan du lesa heile rapporten (PDF)

– Det ligg òg i konklusjonen, som seier at leiinga har hatt mangelfull kommunikasjon ut til tilsette, legg Melvold til.

– Vi har starta fleire tiltak, også i vår. Nokre av desse har nok dei tilsette oppdaga, men vi har ikkje vore gode på å informera om desse, eller om kvifor dei er iverksette.

Fleire tiltak har kome i haust, og fleire skal koma. Blant desse er auka grunnbemanning, betre rutinar ved nytilsetting og betre rutinar ved avvik. Nokre av dei kan du lesa meir om i pressemeldinga vi publiserte tidlegare i kveld.

Gav ros til varslarane

Første politikar på talarstolen etter orienteringa var Gisle Hesjedal (Ap).

– For det første vil eg retta ei str takk til dei tilsette for at dei sto fram og varsla!

– No vil vi bruka god tid på å lesa rapporten så vi sikrar at dei tiltaka vi no utfører er gode nok, sa Hesjedal.

Asle Olsen (SV) presiserte at dette handla om éi enkelt avdeling, og spurde om ikkje det skulle gjennomførast ei utgreiing òg på dei andre avdelingane.

– Dette handlar om system, og når vi har sett oss inn i denne rapporten, har vi plan om òg å sjå på dei andre avdelingane, svara Melvold.

– Kva skjer framover? Får vi i kommunestyret sjanse til å diskutera saka vidare? undrast Laila Reiertsen (Frp).

Kommunalsjefen svara at det er naturleg at administrasjonen kjem tilbake til kommunestyret med ein tiltaksplan, og at det då blir fleire sjansar å diskutera temaet. 

Fleire saker