Næringsliv | 25. aug. 2015

Lygre blir senterleiar

Tidlegare butikksjef på AMFI Os, Silje Lygre, går frå stillinga som distrikssjef i Ark til senterleiar på AMFI Os.

Lygre blir senterleiar
Silje Lygre, som var butikksjef for Notabene i 10 år, overtar etter Anne Kristine Tøsdal som senterleiar. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. aug. 2015 10:33

Tidlegare i august blei det kjent at Anne Kristine Tøsdal gjev seg som senterleiar på AMFI Os. No har AMFI Drift ny senterleiar klar.

– Vi hadde 49 søkjarar på stillinga, fleire av dei er godt kvalifiserte, seier sjef i AMFI Drift AS region vest, Solveig Oksholm Hunhammer.

– Eg er veldig glad for at Silje var ein av dei. Ikkje berre fordi ho har god og relevant kompetanse, men fordi ho kjenner senteret godt. I tillegg til 10 år som butikksjef hos Notabene tok ho del i mykje som styret jobba med, alltid full av initiativ.

– Ville ikkje lata sjansen gå frå meg

Lygre var butikksjef i Notabene frå dei opna i 2001 til ho gav seg i stillinga i 2011. Dei siste tre åra var ho også opplæringsansvarleg for nye butikksjefar i kjeda.

Ho går no frå stillinga som distriktssjef i bokhandlarkjeda Ark, med ansvar for Ark sine 21 butikkar frå Haugesund til Kristiansund.

– Eg trivst veldig godt i Ark, men då stillinga som senterleiar på Os blei lyst ut så måtte eg berre søkja, seier Silje.

– Det var ti fine år eg hadde på Notabene og eg saknar senteret. Eg er veldig takksam for tilliten AMFI Drift viser meg, det bli som å koma heim, seier den komande senterleiaren.

Silje Lygre startar i jobben seinast 1. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.