Sport | 05. okt. 2018

Lyngbø tapte - Os rykker opp!

Mot trippel opprykk: A-laget rykte opp i kveld, søndag kan Os 2 slå følgje.

Lyngbø tapte - Os rykker opp!
Jubel etter Moldskred-skåring då Os slo Lyngbø 3-1 borte tidlegare i haust. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. okt. 2018 19:04

Bildeserie:

Brenne, Kvåle, Dale, Sperrevik og Røttingen ringside på Frøya-Lyngbø. (Privat foto)
Brenne, Kvåle, Dale, Sperrevik og Røttingen ringside på Frøya-Lyngbø. (Privat foto)
Os vann 6-0 heime over NHH (bildet), men klarte ikkje å sikra opprykket heime mot Sandviken. (Foto: KVB)
Os vann 6-0 heime over NHH (bildet), men klarte ikkje å sikra opprykket heime mot Sandviken. (Foto: KVB)
1 av 2

Os kunne ha sikra opprykket heime mot tabelltrear Sandviken laurdag for ei knapp veke sidan, men gjekk på sesongens første tap sidan serieopninga.

Tre rundar står igjen for Os, men Lyngbø spelte sin tredje siste runde allereie fredag kveld.

Kampen er nettopp ferdig, Frøya slo Lyngbø 2-1 og Os rykker opp!

Lyngbø er 7 poeng bak Os og ikkje har sjanse til å vinna avdelinga, Os er tilbake i 3. divisjon etter éin sesong i fjerde.

Sjå tabell (fotball.no)

– Frøya tok leiiinga i 65. minutt, men Lyngbø utlikna kort tid etter. Også uavgjort ville sett bra ut, men med 2-1-siger til Frøya er opprykket no sikra, seier spelar og dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Takkar ikkje nei til gåva

Både Brenne, oppmann Stian Kvåle og A-lagstrenar Tim Henrik Sperrevik har vore på Laksevåg og sett kampen.

– Eg har aldri vore så glad for å sjå ein så dårleg fotballkamp, seier Tim Henrik og ler.

Det er tydeleg godstemning i bakgrunnen.

– Å stå på Laksevåg og sjå to andre lag på ein fredagskveld, var det sånn du hadde sett for deg å dra opprykket i hamn?

– Nei, det var ikkje det, men vi seier ikkje nei takk til julepresangar, sjølv om dei kjem tidleg i oktober, Tim.

Sperrevik har leia Os gjennom ein nesten knirkefri sesong, Sandviken er einaste som til no har skapt trøbbel og tatt poeng frå Os under Tim-en si leiing.

Os 2 speler om opprykk søndag

Os speler neste kamp i morgon, borte mot Telavåg. Den kampen betyr lite, men at opprykket er berga kan bety noko for Os 2, som søndag har heimekamp mot Voss.

– Vi reiser til Telavåg for å vinna, samtidig er det no letta å bidra til Os 2, som får ein viktig innspurt.

Om Os 2 slår Voss på Kuventræ søndag (frå kl 14), så er trippel opprykk berga!

Os 2 kan rykka opp til 4. divisjon, og Os sitt damelag har både sikra opprykket, og med 5-2-siger over Krabbetor i toppkamp tysdag, også sikra førsteplassen i avdelinga.

Avstanden frå Os 2 på 2. plass (2. plass er godt nok til opprykk) til Voss på 3. plass er 8 poeng når tre kampar står igjen.

Sjå tabell (fotball.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.