Lokal | 28. aug. 2019

Lynnedslag i Åsen

Mista straumen: Først rykte brannvesenet ut til Øyane, så slo lynet ned langs Lyseklostervegen.

Lynnedslag i Åsen
15 mista straumen etter lynnedslag i transformator. (Kart: BKK Nett)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. aug. 2019 18:32

I 18-tida kom første del av vêret som er meldt, lyn, torden og kraftige regnbyger.

Klokka 18.50 blei det markert lynnedslag i Øyane på ligningmaps.org, og få minutt etter fekk Midtsiden tips om mogleg brann i bustad.

– Vi fekk same melding, men då vi kom fram viste det seg å ver eit bål. Det var ingeting for oss å sløkka, fortel Martin Østgulen Svendsen frå Os brannvesen.

15 utan straum i Åsen

Brannvesenet har førebels ikkje fått andre medlingar om problem som følgje av lyn eller vatn, men langs Lyseklostervegen er 15 abonnentar utan straum.

– Lynet har slått ned i ein transformator, fortel Jarle Hodne frå BKK Nett.

15 abonnentar er utan straum. Operatørar er på veg til å skifta to sikringar som er gått, planlagt oppkopling er klokka 21.30.

– Når det er gjort får vi håpa dei får straumen tilbake. Det er ikkje sikkert, men som oftast er det berre sikringane som ryker.

OPPDATERT: Straumen kom tilbake litt over kl 21.

• Les òg: Ole Bulls veg er stengt grunna rasfare

• Sjå òg: BKK Nett sitt kart med oversikt over straumbrot

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.