Lokal | 24. des. 2012

Lys i mørketida

Kongshaug Musikkgymnas har vore gjennom ei mørk tid etter at departementet kutta støtta. - Men vi skal driva vidare også neste skuleår, fortel rektor.

Lys i mørketida
Rektor Oddvar Rotvik på Kongshaug Musikkgymnas ønskjer alle ei god jul og lover drift på skulen også frå hausten 2013 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 24. des. 2012 08:59

Som nordlending er rektor Oddvar Rotvik godt vant med månader med mørket.

- Mørketida har eg aldri hatt problem med, den gjer berre at kontrastane blir tydelegare.

– Men den mørketida vi har hatt her etter at kunnskapsdepartementet i haustferien bestemte å kutta støtta, den kunne eg gjerne vore forutan.

Trudde dei var sikra

Det er ikkje første gong Kongshaug Musikkgymnas har måtte kjempa for å få støtte til den lovpålagte individuelle musikkundervisninga.

- Då vi starta opp som musikkgymnas for 13 år sidan, måtte vi kvart år kjempa for å få tilskot for den ekstrakostnaden det er å ha individuelle undervisning.

- Men i 2002 var det ein brei debatt i stortinget kor alle partia, frå SV til Frp, blei einige om støtta. Difor kom meldinga som vi fekk i haustferien som lyn frå klår himmel, fortel Rotvik.

90 elevar frå heile landet

Kongshaug har tydeleg sin misjon og fyller eit behov i den vidaregåande utdanninga. Til dei 90 plassane fordelt å dei tre årstrinna opplever dei kvart år å få to til tre gongar så mange søkjarar som dei har plass til.

- Dei aller fleste går her alle dei tre åra, noko eg trur må bety at elevane trivst.

- Elevane kjem frå heile landet, frå Troms og Lofoten i nord til Arendal og Lillesand i sør. Mange av dei bestemmer seg allereie på ungdomsskulen at dei vil til Kongshaug.

- Difor må eg få slå fast så klart som det er mogleg; Det er ikkje aktuelt å stenga skulen uansett kva som skjer med tilskuddet frå hausten. Kongshaug skal leva vidare i 50 nye år.

50 år med skule på Lepsøy

At rektor nemner nettopp 50 år er ikkje tilfeldig. Det er i 2012 nemleg 50 år siden den første skuledrifta tok til på Lepsøy.

Den første perioden som handelsskule med skrivemaskiner og rekning, før Misjonssambandet på 60 talet gjorde skulen om til folkehøgskule.

- I 1985 var det ikkje grunnlag for å halda fram med skuledrift og vi gjekk inn i dei mørkaste åra våre, uten skuledrift.

- Vi dreiv litt med utleige til seminarar og samlingar, men det var stille her og ein vond og vanskeleg periode for alle tilsette som hadde stått på for å få til drift her ute.

Nasjonal betydning

På slutten av 90-talet jobba Rotvik sjølv i Oslo då han blei beden om å vera med på å jobba fram eit musikkgymnas på Kongshaug.

- Vi såg eit behov i det kristne miljøet, kanskje spesielt på vestlandsbygdene, for ei vidaregåande skule som Kongshaug. Vi meinte, og meiner framleis, at vi er av nasjonal betydning for Distrikts-Noreg.

– Difor meiner vi kutta frå departementet er så urimeleg, fortel Rotvik.

Positive osingar

Heilt frå dei starta opp att på Lepsøy hausten 1999 har dei opplevd ein positivitet frå kommune og folket i Os.

- Det er kjekt å vera i ei kommune med så positive haldningar. Det å få vera ein del av 17. maifeiringa både i Øyane og på Osøyro, få synga jula inn i Os kyrkje, slik vi no har gjort i 10 år, er òg opplevingar elevane tek med seg som positiv ballast frå tida på Kongshaug, smiler rektor.

- Bruk oss meir

Éin ting saknar han, noko han håper betrar seg dei neste 50 åra:

- Eg kunne ønskje meg at fleire tok turen ut her når vi har opne arrangement og konsertar. Heilt sidan området her var ein landstad har folk vegra seg litt for å trø inn på tunet.

– Det må dei ikkje gjera. Dei er hjarteleg velkomne, helsar rektor.

Jul i villaen

Sjølv om han reiser heim til Rotvika i Salangen kommune for å feire jul med mor og søsken, så gler han seg stort over at det i år blir julefeiring i villaen på Kongshaug.

- Anker Gunnar Turøy inviterer til julefest i villaen. Dette er den samlinga det kristne felleskapet tidlegare har arrangert på Osheim, men der er det blitt for trangt.

- Det er fantastisk at vi kan bruka villaen til å feira saman med andre. Eg håper mange tar turen ut her, seier Rotvik før han helsar alle ei riktig god julehøgtid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.