– Eg trur tidene vil vera tøffe ei stund til, og at berre dei middels gode og betre vil overleva, seier Fourphase-direktør Øyvind Hansen Heradstveit.
– Eg trur tidene vil vera tøffe ei stund til, og at berre dei middels gode og betre vil overleva, seier Fourphase-direktør Øyvind Hansen Heradstveit.

Lysare tider for Fourphase

Etter eit mørkt første halvår har Fourphase no alle syklonane sine ute i drift, og nysignerte, spennande avtalar i boks.

Kjetil Vasby Bruarøy
04. november 2015 - 21:18

I fjor på denne tida skreiv vi om «eventyret» Fourphase, som den gong heitte DWC. Gjennom sitt første heile driftsår (2013) rakk dei å bli det fjerde største selskapet i Os og det desidert mest lønsame.

Selskapet fekk merka noko av nedgangen som starta hausten 2014 og landa i fjor på 74,9 millionar i omsetnad og eit driftsresulat med 11,4 mill i pluss.

Så kom 2015 med dramatisk fall i oljeprisen

– Kundane konsentrerte seg om seg sjølv og intern opprensking sto øvst

– Samla sett var det eit mørkt første halvår, seier administrerande direktør Øyvind Hansen Heradstveit.

– Vi merka ikkje så mykje i starten på nedgangen, men så byrja det å drøya med å få svar på tilbod.

Sjølv om Fourphase leverer produkt som har klar verdiskapning, ikkje minst i nedgangstider, sto det stille. Heradstveit fekk inntrykk av at dei potensielle kundane hadde nok med seg sjølv og om dei faktisk hadde jobb.

Dei retta fokus på bemanning og kutt, ikkje på ny teknologi.

– Dei store selskapa var tydelege med oss leverandørar; dei som no er med oss er òg dei vi tar med oss seinare. Vi leverandørar måtte, som oljeselskapa, førebu oss på å skrapa prisar til beinet mens oljeprisen er låg.

– Eg trur tidene fortsatt vil vera tøffe framover, og at berre dei middels gode og betre vil overleva.

Utan permittering

I kontor- og monteringsbygget i Hegglandsdalen var det berre enkelte konsulentar som blei kutta ut, eller som måtte gå ned i honorar.

– Vi i leiinga reduserte lønningane våre, dei andre tilsette klarte vi å halda oppe. Vi klarte òg å unngå å permittera.

– Det er sånn eg er som person, sjølv om excel-arket seier at vi bør permittera der og då, så veit eg kor viktig arbeidsplassen er for folk, seier Fourphase-direktøren.

– Men informasjon og det å vera open er viktig i slike tider. Folk kan vera urolege, det er viktig at alle veit korleis situasjonen i firmaet er frå veke til veke.

Opptur og nedtur i vår

Etter den tunge vinteren var det innspurt i kontraktsforhandlingar med Statoil. Desse skulle vera ferdig i løpet av april, og rett før påske var ny avtale i hamn.

– Omtrent samtidig fekk vi ei teknisk utfordring med ein av syklonane våre.

Ein installasjon på ein ny brønn, med noko spesiell finkorna sand, førte til ekstra stor belastning, noko som igjen førte til uventa høg slitasje på eit rør.

– Vi måtte gjennom ein ny kvalitetssikringsfase på teknologien, saman med kunde for å sikra både produkt og rutinar, og denne tok noko lengre tid enn vi hadde ønskt. Men vi kom i mål!

Fleire nye kontraktar

Fourphase opplever at fleire selskap no har fått betre oversikt over eigne internforhold og har no byrja å sjå meir framover på eiga drift.

– Der er vi ein bidragsytar, våre produkt er med på å få ned kostprisen i produksjonen per fat olje. I tillegg kan vi spara dei for store vedlikehaldskostnadar på mange av brønnane deira.

For tre veker sidan gjekk dei i gang på ein 18 månadar lang kontrakt med Statoil.

Det er også teikna avtale med Baker Hughes, BP Norge, BP UK og tyske Wintershall. Alle dei sju syklonane til Fourphase er no i drift, eller på veg til å bli sett i drift.

– Vi har òg inngått ein spennande avtale med det statlege selskapet PDO i Oman. Her skal vi først inn i 6 månadar som eit testprosjekt, men potensialet etter ei vellykka gjennomføring er veldig stort.

– Det er mykje landbasert i Oman, og langt fleire brønnar enn i Noreg. Vi er i dialog med både selskapet og politikarar og i diskusjonar om også å oppretta produksjon av syklonar i landet.

– Korleis er det å vera i forhandlingar i utlandet?

– I enkelte land kan det vera fare for korrupsjon, så her må vi vera ekstra observante og varsame med alt vi gjer.

– I Oman er det eit hyggeleg folkeslag som er lett å kommunisera med. PDO har dessutan Shell inne på eigarsida og har gode tradisjonar for samarbeid med vestlege firma, seier Øyvind Heradstveit, glad for at det no er tilbake til høgt tempo frå basen i Hegglandsdalen – og at himmelen byrjar å likna blåfargen dei helst ønskjer å sjå!

Les meir om

Næringsliv Industri