Lysekloster med knepent tap for Åsane
Kjempa godt, men klarte ikkje utlikna divisjonsforskjellane.

Tredjedivisjonslaget Lysekloster tok i ettermiddag imot Åsane frå OBOS-ligaen til første runde i NM.
I motsetnad til for fem år sidan, då Lysekloster leia 3-0, stilte Åsane sterkt frå start.
Lysekloster - Åsane 1-2 (0-1)
Lysekloster var ikkje utan sjansar før dei reduserte til 1-2.
Marius Bildøy låg horisontalt og skaut på volley, men Hille redda det beste forsøket til vertene før pause.
Ronny Rojas heada ein corner rett utanfor krysset i andre omgang.
Innbytar Håvard Rinde reduserte til 1-2 for Lysekloster på corner.
Dagens Lysekloster-spelar; Kasper Bordvik.
I sluttsekunda høyrde vi eit klask i ei Åsane-hand. Lysekloster ba om straffe.
Med straffe og skåring ville det fort gått til ekstraomgangar, men dommar bles i staden av. Kampen enda 1-2, og Åsane er vidare til andre runde i NM.
Midtsiden kjem tilbake med bildeserie og meir om kampen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.