Lyseparken ikkje aktuell for Joint Battery Initiativ

– Eg er skuffa, men dette opnar for mange andre moglegheiter, seier ordførar.

Ordførar Trine Lindborg. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. mars 2021 10:51

I dag blei det klart at Lyseparken, som var ein av over 100 område som var spelt inn som vertsskap for Equinor, Hydro og Panasonic sin storskala batterifabrikk - Joint Battery Initiative - ikkje er blant dei 20 områda som blir med i neste runde av vurderingar.

Dette skriv JBI i avslaget:

«Etter en systematisk gjennomgang av alle de innkomne forslagene, er nå den første evalueringen gjennomført og prosjektet har nå en liste på rundt 20 tomteforslag som vi ønsker å vurdere ytterligere (...) Basert på en helhetlig vurdering har vi konkludert med at deres forslag dessverre ikke er med i den videre prosessen. Prosjektet mottok et høyt antall gode forslag, og vi har derfor dessverre ikke mulighet til å gå inn på hver enkelt beslutning.»

Lyseparken. (Skisse: ABO/Bjørnafjorden kommune)

– Det er klart eg er skuffa. Eg meiner jo framleis at Lyseparken er eit veldig godt alternativ for batterifabrikken, men aksepterer at dei vurderer det annleis, seier ordførar Trine Lindborg i ei pressemelding tysdag formiddag.

– Samstundes så opnar dette nye moglegheiter for oss. Gjennom arbeidet med prospektet for batterifabrikken har vi gjort mykje godt marknadsføringsarbeid og fått ein flying start.

– Det merker særleg næringssjefen, som no har vekentlege førespurnader frå interessenter som er nysgjerrige på Lyseparken.

– Det er fleire av desse som vi har hatt, og vil ha, ein vidare dialog med.

– Konseptet for Lyseparken er Noregs mest framtidsretta energi- og teknologipark. Det står fast og det skal vi realisera. Lyseparken ligg framleis tett på flyplass, utdanningsinstitusjonar, forskningsmiljøer og alt det Bergensregionen har å by på. Vi skal bli ein sentral aktør i det grøne skiftet, seier Lindborg.

Kan gå til Rogaland eller Innlandet

JBI skriv på eigne nettsider at dei ikkje vil gå ut med liste verken over dei drygt 100 forslaga eller dei 20 som no skal utgreiast vidare.

North Sea Atlantic Park i Bjerkreim kommune, som ligg sør for Sandnes og Ålgård, er ifølgje E24 blant dei som framleis er aktuelle.

NRK.no skriv at 5 av dei 20 aktuelle områda er i Innlandet; Grundsetmoen i Elverum, Heggvin i Hamar, Hasvoldseter i Søndre Land, Bjugstadmarka i Gjøvik og Slomarka i Sør-Odal.

Avisa Driva i Sunndalsøra skriv av Sunndal er blant forslaga som ikkje lenger er aktuell.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.