Næringsliv | 20. sep. 2012

Lyseparken-nabo sel godt

Medan Os kommune planlegger sal av 484 mål næringsareal i Lyseparken har naboen allereie fått unna 180 av 320 mål.

Lyseparken-nabo sel godt
Stabburshaugen (1-3), Fiskarskogen (4) og Fiskarskogen Næring (5). Område 1, delar av område 2 og heile område 5 er selt. Kulepennstreken viser korleis vegen seinare er teikna inn.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. sep. 2012 07:41

Når du kjører frå Os til Lysekloster og har passert det etablerte bustadområdet i Åsen får du Endelausemarka på høgre hand.

På venstre hand, før og etter avkjørsla til Fjellanger Hundeskole, ligg Fiskarskogen og Stabburshaugen med sine bu- og næringsområde, blant anna desse:

Fiskarskogen: 72,5 mål bustad
Fiskarskogen Næring: 50,4 mål næring
Stabburshaugen 1: 92,9 mål bustad
Stabburshaugen 2: 55,7 mål næring
Stabburshaugen 3: 50,6 mål næring

I desse områda har Cha Zet Aktivitetssenter AS allereie selt tomter til to store aktørar innan bustad og næring.

BOB tilbake i Os

Bergen og Omegn Boligbyggelag (BOB) bygde til saman 176 hus i Varåsen på 70- og 80-talet. No har dei sikra seg ei 93 mål stor tomt for å gjera ei ny, stor utbygging i Os.

– Vi synes det er veldig kjekt å vera tilbake i Os, og på ei så solrik og fin utsiktstomt, seier utbyggingsdirektør Tor-Magne Birkeli.

BOB er Vestlandets største og Noregs tredje største boligbyggelag. Det over 70 år gamle selskapet har cirka 60.000 medlemmar og forvaltar 20.000 bustadar.

– Det er tidleg å seia kor mange bustadar vi vil bygga på tomta, men den er stor, så det kan bli frå 300 til 500. Vi vil gå raskt i gong med reguleringsarbeidet med fokus på å skapa gode bumiljø for alle aldersgrupper, seier Birkeli.

Tomt, næringsbygg og utleigelokale

I Fiskarskogen har Helgesen Tekniske Bygg AS frå Osterøy sikra seg ein avtale saman med Midgard Gruppen AS. Avtalen gjer dei til hovudaksjonær i Fiskarskogen Næring AS, eit selskap som eig heile det 50 mål store næringsområdet.

– Vi er i gang med reguleringsarbeidet parallelt med det vi håper er god framdrift for sjølve vegprosjektet Svegatjørn-Rådal, seier dagleg leiar i medeigar Ronny Laastad.

Helgesen Tekniske Bygg har vore ansvarlege for meir enn 500 byggeprosjekt dei siste 25 åra og veks frå 2011 til 2012 frå 165 til rundt 200 millionar kroner i omsetnad.

– Vi utfører total- og delentrepriser og bygger industribygg og næringsbygg for andre og for oss sjølv. I Os vil vi både selja tomter og bygg og truleg også bygga for å leiga ut, seier Laastad.

Utfordring med ny sving

Når Svegatjørn-Rådal er ferdig skal det koma ny veg frå Lyseparken over Lyseklostervegen og vidare til Hellebakkane, Ole Bulls veg og Drange. Fiskarskogen og Stabburshaugen ligg ved krysset der den nye vegen går over Lyseklostervegen og vestover langs den nye vegen.

– I arealplanen som blei godkjent i juni hadde dette krysset fått ein ny form med ein sving som kanskje kan by på nokre utfordringar. At vegen går inn på området vårt er éin ting, at den får ein sving som kan gjera siktlinja litt knapp når du skal ut frå tomta vår er litt verre.

– Men her satsar vi på god dialog med kommunen og vegkontoret, kanskje er ei rundkjøring det beste i dette krysset, seier Laastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.