- 28. mars 2021

Lyser ut 100 sommarjobbar i fylket

– Vi doblar talet på grunn av pandemien, seier fylkesordførar.

Vedlikehald av vidaregåande skular blir hovudoppgåvene for dei som får sommarjobb. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. mars 2021 07:40

Rett etter påske lyser Vestland fylkeskommune ut inntil 100 sommarvikariat for skuleelevar og studentar over heile fylket. Fylkeskommunen doblar med dette talet på slike sommarjobbar frå i fjor.

– Som følgje av koronapandemien ser vi at det er langt færre sommarjobbar tilgjengeleg rundt om i år. Difor strekkjer vi oss litt ekstra for å kunne tilby fleire slike oppgåver dette spesielle året, seier fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune.

– Vi veit det betyr mykje for mange å kunne skaffe seg slik eiga inntekt, og dette er eit handslag til ungdommane våre i ei krevjande tid.

Viktig første møte med arbeidslivet

Sjølv hadde han sin første sommarjobb som avisbod for Bergens Tidende i heimtraktene på Radøy. Pengane han tente, vart nytta til kjøp av ny sykkel.

– Eg hugsar enno den gode kjensla av å tene mine eigne pengar. For mange ungdommar er sommarjobb det første møtet med arbeidslivet. Dette er ein viktig del av danninga hos unge menneske. Som ansvarlege for vidaregåande opplæring er vi opptekne av at dette skal vere ei lærerik og positiv erfaring, som ungdommane kan byggje vidare på i si personlege utvikling, understrekar Askeland.

Sommarjobbar over heile fylket

Sommarjobbane som fylkeskommunen tilbyr, vil hovudsakeleg vere oppgåver knytt til drift, vedlikehald og reinhald ved dei 45 vidaregåande skulane som er lokalisert over heile fylket.

For at flest mogleg skal få jobb, vil lengda på oppdraga i gjennomsnitt vere to til tre veker. Det krevst inga særskilt erfaring for å utføre desse oppgåvene og sommarvikarane vil få opplæring og rettleiing i arbeidet.

Stillingane vert lyste ut på nettsida til Vestland fylkeskommune, vlfk.no, etter påske.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.