Lokal | 27. nov. 2020

Lyset på Borgafjellet blei tent torsdag

450 lyspærer skin om kapp med månen.

Lyset på Borgafjellet blei tent torsdag
Borgafjellet sett frå Banktjørn torsdag ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. nov. 2020 08:43

Torsdag 26. november blei lysa på Borgafjellet tente.

– Vi hadde klatrararoppe med trekkeliner i går. Sidan det ikkje var snakk om å laga noko arrangement, heller ikkje for sponsor Bolaks sin del, tente vi lysa mens vi likevel var der oppe, seier Leif Ragnar Tveit frå Os Kulturutvikling.

Straumutgiftene er små, rundt ein tusenlapp per sesong, men nye lyspærer og, ikkje minst, leige av klatrarar, kostar litt.

Tidlegare fekk trekkelinene henga frå år til år, og lyslenkene kunne trekkast opp av amatørar. No må det leigast inn profesjonelle klatrarar kvart år.

– Ulike firma har støtta prosjektet opp gjennom åra. No har vi hatt Bolaks med i tre år, saman med nokre andre firma, og ein del privatpersonar som vippsar, fortel Tveit.

Nokre år har Opptur Motbakkeklubb tatt lyslenkene over skuldra og jogga dei til topps, no ligg dei tørt og trygt på toppen sommarhalvåret.

– Vi kjøpte ein kasse for strøsand som viste seg å fungera godt, så no slepp vi ta lenkene opp og ned frå fjellet.

Om lysa på Borgafjellet:

Første gong lysa var tent var i 1999, og Os Kulturutvikling, som eig og driftar lysa, har laga ein tradisjon av ideen til Arne Martin Holen i den gong Bjørnefjorden Reiselivslag. Ideen blei utvikla saman med Tor Helge Eiken i Bjørnefjorden Næringslivslag og gjennomført saman med Knut Natvik i Os Sentrumsforening.

  • Lysa er drifta av Os Kulturutvikling, med økonomisk støtte av sponsorar
  • Det er Telenor som eig masta og Eltel Networks som driftar den
  • Kvar av dei tre lyslenkene er cirka 50 meter lange
  • Det er 3 x 150 lyspærer lenkene
  • Borgafjellet er 353 meter over havskorpa
  • Kvart år sidan 1999 har det vore lyslenker i masta på toppen
  • Les meir om ideen og historikken til lyslenkene
Leif Ragnar Tveit og Arne Martin Holen på veg til fjells i 2010. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Leif Ragnar Tveit og Arne Martin Holen på veg til fjells i 2010. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.